Når barnet byrjar i barnehagen
Barnehagen skal i samarbeid med foreldra leggja til rette for at barnet skal få ein trygg og god start i barnehagen. Vi vil tilpassa rutinar slik at barna vert kjent både med personalet og dei andre barna. Barnet vil i den første tida får tett oppfølgjing slik at det kan oppleve tryggleik og kjensla av å høyre til. Vi tar høgde for at barn har ulike behov og tilpassar starten etter desse. Personalet skal ha spesielt fokus på sine kunnskapar om relasjonbyggin den første "bli kjend" tida. Før du startar inviterer vi til eit foreldremøte der vi fortel litt om barnehagen vår, sjå deg rundt i barnehagen og spørja om det du lurer på.
Leiketreff
Vi inviterer også til leiketreff i for dei nye barn i mindre grupper der barnet blir introdusert for leikemiljøet på avdelinga. Dette vil foregå i mai/juni før barnet startar opp.
Oppstartsamtale
For å sikre at de får moglegheit til å gje informasjon om barnet tilbyr vi at pedagogisk leder/barnehagelærer på avdelinga kjem heim til dykk i forkant av tilvenninga, og gjennomfører en oppstartsamtale. Målet for samtalen er å knytte den første kontakten, bli litt kjent og å utveksle viktig informasjon. Personalet blir betre kjent med barnet og foreldra i deira heimemiljø, slik at vi lettare kan møte barnets behov. Foreldra får moglegheit til møte pedagogisk leiar/barnehagelærar på tomannshand, og til å formidle kva psykiske og fysiske behov barnet har. Alt frå kosedyr som skaper tryggleik for barnet til allergiar som barnehagen må ta omsyn til. Det er sjølvsagt frivillig om vi skal komme heim til dykk. Dersom de heller ønsker å ha samtalen i barnehagen, tilbyr vi det også.
Overgangar i barnehagen
Personalet vil sørgje for at barn og foreldre får tid og rom til å bli kjendt med barn og personalet når dei bytter avdeling. Vi legg til rette for at barna skal få besøke den nye avdelinga jamleg dei siste månadane av barnehageåret. Vi har også interne rutinar for øverføing av informasjon til ny pedagogisk leiar.
Overganen mellom barnehage og skule
Barnehagen føl Alver kommune sine rutinar for overgang barnehage - skule. Hovudmålet med denne planen, er å sikra god kontakt mellom barnehage og skule, slik at barna kan få ein trygg og god overgang. Med desse rutinane ønskjer vi å følgja tilrådingane frå kunnskapsdepartementet (juni 08)
Barnehagetida vert avslutta på ein god måte, og skulen og skulefritidsordninga:
- Førebur seg på å ta i mot barnet
- Barnet blir kjent med skulen i god tid før første skuledag
- Det er samanheng og progresjon i læringsinnhaldet i barnehage og skule
- Foreldre godkjenner informasjonsoverføring frå barnehage til skuler og har muligheter for aktiv medverknad i denne.
- Lærarar i barneahge og skule har felles møteplassar for forventningsavklaringar, kompetanseutvikling og felles planlegging.
- Kommunen initierer, planlegg, kontrollerer og føl opp samabeidstilgak gjennom overorda planar. Planane bør inkludere både kommunale og private barnehagar og skular.
- Barnehage- og skuleeigar har det overordna ansaret for å leggje til rette for samarbeid.
Planen inneheld blant anna dette:
- Foreldresamtalar med foreldra om våren der vi blir einige om kva informasjon skulen får om barnet
- Tre møte mellom førskulebarna og faddrane på Ostereidet Barneskule i løpet av våren
- To førskuledagar i mai
- Eit besøk på SFO
- Læraren som skal ha førsøte klasse kjem også på besøk i barnehagen i mai dersom dette let seg gjere.