Barnet først i FUS
Barnehagen har eit stabilt personale med gode vaksne som har god relasjonskompetanse og set barna først. Barnet først er også navnet på FUS kjeden si kompetansutvikling. Vi har heile tida fokus på å styrkje dei tilsette sin handlingskompetanse og kunnskap om korleis støtte barna i si utvikling og læring. Vi har også kurs for nytilsette og vikarar
Rett ut i naturen
Ostereidet FUS barnehage har 3 aldersinndelte avdelingar og ligg i naturskjønne omgjevnader på Ostereidet. Barnehagen har eit stort uteområde med mykje naturtomt, og rett gjennom porten ligg flotte turområde i skog og mark. Dei brukar vi så mykje vi kan! Vi har også godt samarbeid med Ostereidet barneskule og Ostereidet Ungdomsskule som ligg rett over vegen.
Vi leiker for livet!
Vi ønskjer å skape gode kvardagar for barna, og hjå oss kjem leiken først!
Vårt hovudmål er at alle barn skal få delta i leik. Våre prosjekt skal bygga på barna sine innspel og interesser. Saman med leikande vaksne, som gjer nye innspel, leiker vi for resten av livet! Leik , språk og gode relasjonar går hand i hand, difor er språkstimulerande aktivitetar og relasjonskompetanse hjå dei vaksne våre fokusområder.
Første gang i barnehagen?
Når nye barn startar i barnehagen ønsker vi å bli litt kjent før oppstarten. Vi inviterer til leiketreff og oppstartsamtale i mai/juni før barnet startar.
Bli kjent med oss
Vil du komme innom å sjå korleis vi har det? Ring oss eller send oss ein e-post så avtaler vi ei tid. Du kan også få kvardagsglimt på vår Facebook