
Sævarhagen FUS tilbyr ei personalgruppe som er rik på faglig kunnskap og som stadig er i oppdatering, i takt med forsking, system og erfaring. Det er tilsette hjå oss med fleire tiårs erfaring i samarbeid, og me er stolt over å kunna kalla kvarandre for kollega heilt sidan tidleg på 2000-talet. Gjennom årene har me ønska fleire velkommen på laget, og saman har me utvikla ein trygg læringsarena som speglar igjen på kvaliteten for barna sin kvardag. På huset er me 9 pedagogar, 4 barne og ungdoms-arbeidarar, 5 assistentar og 1 kokk med kvar sine unike ressursar til å tilby barnet ditt og barnegruppa.
Me ser verdien i å knyta våras trygge kompetanse saman med det daglige arbeidet me gjer i barnehagen. Me bidreg i store mengde med personlig kunnskap innan jakt og fiske, skulekorps og musikk, vidareutdanning kring språkutvikling og språklæring, kurs i førstehjelp og livberging, og sertifikat på buss og båt. Me har kollega som lev for friluftsliv, og driv aktivt med jakt og fiske året rundt. Saman er barna og me vaksne tett med på dyrelivet, og får gjerne innblikk i blant anna matreisa som vert kalla «frå jord til bord». Med minibussen vår har me både fjord og fjell eit steinkast i frå barnehagen, og me brukar Sunnhordland naturen aktivt som læringsarena.
Me er også utruleg heldig med plasseringa av barnehagen, då den ligg langs skipsleia midt mellom Leirvik og Rommetveit. Sjølufta når opp til oss og bidrar til eit behagelig klima der blant anna livet i kjøkkenhagen spirer og gror.
Me er stolt over å disponere våras eigen båt. Tilsette med båt sertifikatet er fordelt på både liten og stor base slik at moglegheitene ligg til grunn. Med den friske sommar-vinden i håret våras sit me attmed kvarandre i båten og lærer om fiske, trekker teiner eller hopper av på ei spennande øy.
Me håpar sjølvsagt på å bli kjend med deg og dine. Avtal gjerne besøk hjå oss, då vart me så glad!