Kompetanseutvikling i FUS - Barnet først!
Barnet først er ei kompetanseutvikling som følgest av forskning i samarbeid med Universitet i Oslo, i tillegg til å vera FUS-barnehagane sitt slagord og visjon. Kompetanseutviklinga byggjer på eit forskningsbasert program, Tuning into kids (TIK) som har som mål å styrka bornas emosjonelle emosjonelle og sosiale kompetanse. CLASS observasjonsmetode har tilsvarande mål i forhold til emosjonell støtte, i tillegg til å betra læringsmiljøet i barnehagen. Gjennom kompetanseløftet byggjer me eigenskaper og teknikkar slik at me kan kjenne att, forstå og handtera både borna og våre egne kjensler.
Barnet først er ei kompetanseheving alle tilsette er med på. Treninga føregår over tid og vert understøtta, utvikla og innarbeida i det daglige arbeidet med borna og i godt samarbeid med gode kollega. Målet er at alle tilsette skal kjenna oss enda tryggare, meir kompetent og motivert til å utvikla, sjå og ta vare på borna
Sosioemmosjonell støtte og rettleiing
Positivt klima; smil, latter, entusiasme, positiv kommunikasjon, respekt for kvarandre
Negativt klima; Straff, hån, sarkasme, mangel på respekt, time out
Sensitive vaksne - trygge barn; Me hjelper born med konflikthandtering, mer er oppmerksomme og bidrar til tryggleik
Barns perspektiv og medvirkning; Fleksibilitet, me ivaretar bornas perspektiv og lar bonr få uttrykka seg
Organisering og ledelse
Gruppeledelse og rettleiing; me er proaktiv og førebygger, me gir trygge rammer
Tilerettelegging for leik, læring og overganger; me harklare rutinar og flytande overganger, borna kjenner til reglane våre, lite venting (kødanning)
Variasjon; Varierte materiale som er tilgjengelige for borna, barnefokus og effektiv tilrettelegging
Læringsstøtte
Begrepsutvikling, forståing og dybdelæring; analysera og argumentera, integrera ny kunnskap til det me allereie kan (etablert kunnskap), trekka kunnskap til kvardagsoppgåver
Tilbakemeldingar; feed-back loops, vera støttande stillas for borna, utvida informasjonen, utfordra tanken, oppmuntra og støtta
Språk; hyppige samtalar, stilla opne spørsmål, repetera det borna seier, sjølv snakk og komplekst språk