Kystkulturstien vår
I barnehagen ønskjer me at barna skal bli kjende med kystkulturen i Sagvåg og kjenna stoltheit over staden dei høyrer til. Som ein del av dette arbeidet har me utvikla vår eigen kystkultursti, som er med på å gi barna innblikk i den rike historia og kulturen i bygda vår.
Langs kystkulturstien finn me ulike stader som er knytte til eigne forteljingar. Historiane gir barna spanande opplevingar, samtidig som dei lærer om stadene og menneska som har sett sitt preg på lokalmiljøet. For å skape engasjement og gjenkjenning møter barna fleire faste rollefigurar gjennom forteljingane. På Kiskaien blir dei kjende med Ansgar og Gunnar, ved Tønnefabrikken møter dei Måshild, på Sauekrambua treff dei Pederen og Gunda, medan Sagmusa og katten Jensen tek dei med på eventyr ved Jensaneset.
Kystkulturstien er ein naturleg del av kvardagen vår og set spor i forteljingar, samtalar, undring, turar og prosjekt gjennom heile barnehageåret. Slik får barna utforske historia til nærmiljøet sitt på ein levande og engasjerande måte.
Gruveklubben
Det siste året i barnehagen får dei eldste barna vere med i Gruveklubben. Her arbeider me med prosjekt knytt til gruvene på Litlabø og den spennande historia frå gruvesamfunnet.
Gjennom forteljingane om Ansgar og Gunnar blir barna kjende med korleis livet kunne vere for familiar som budde og arbeidde i gruvene. Dei får innblikk i kvardagen til både dei som arbeidde inne i gruvegangane og dei som hadde arbeidsplassen sin på Vaskeriet.
Gruveklubben blir avslutta med ein høgtideleg og minnerik markering inne i gruvene. Her samlast barn, foreldre og besteforeldre til song og fellesskap før feiringa held fram med kakefest i Heishuset. Dette er ei oppleving mange tek med seg som eit kjært minne frå barnehagetida

