Når barnet byrjar i barnehagen
Barnehagen skal i samarbeid med foreldra leggja til rette for at barnet skal få ein trygg og god start i barnehagen. Me vil tilpassa rutinar slik at barna vert kjent både med personalet og dei andre barna. Barnet vil i den første tida få tett oppfølgjing slik at det kan oppleva tryggleik og kjensla av å høyre til. Me tar høgde for at barn har ulike behov og tilpassar starten etter desse. Personalet skal ha spesielt fokus på sine kunnskapar om relasjonbygging den første "bli kjend" tida. Før de startar inviterer me til eit foreldremøte der me fortel litt om barnehagen vår, de får sjå litt rundt i barnehagen og spørja om det de lurer på.
Bli kjend dagar
Me inviterer til bli kjend dagar for dei nye barn i mindre grupper der barnet blir introdusert for leikemiljøet på avdelinga. Dette vil foregå i mai/juni før barnet startar opp.
Oppstartsamtale
For å sikre at de får moglegheit til å gje informasjon om barnet avtaler pedagogisk leiar/barnehagelærer ein oppstartsamtale med nye foreldre. Målet for samtalen er å knytte den første kontakten, bli litt kjent og å utveksle viktig informasjon. Foreldra får høve til møte pedagogisk leiar/barnehagelærar på tomannshand, og til å formidle kva psykiske og fysiske behov barnet har. Alt frå kosedyr som skaper tryggleik for barnet til allergiar som barnehagen må ta omsyn til.
Overgangar i barnehagen
Personalet vil sørgje for at barn og foreldre får tid og rom til å bli kjendt med barn og personalet når dei bytter avdeling. Me legg til rette for at barna skal få besøke den nye avdelinga jamleg dei siste månadane av barnehageåret. Me har også interne rutinar for øverføing av informasjon til ny pedagogisk leiar.
Overganen mellom barnehage og skule
Barnehagen føl Stord kommune sine rutinar for overgang barnehage - skule. Hovudmålet med denne planen, er å sikra god kontakt mellom barnehage og skule, slik at barna kan få ein trygg og god overgang.
Barnehagetida vert avslutta på ein god måte, og skulen og skulefritidsordninga:
- Førebur seg på å ta i mot barnet
- Barnet blir kjent med skulen i god tid før første skuledag
- Det er samanheng og progresjon i læringsinnhaldet i barnehage og skule
- Foreldre godkjenner informasjonsoverføring frå barnehage til skule og har høve for aktiv medverknad i denne.
- Lærarar i barnehage og skule har felles møteplassar for forventningsavklaringar, kompetanseutvikling og felles planlegging.
- Kommunen initierer, planlegg, kontrollerer og føl opp samabeidstiltak gjennom overordna planar. Planane bør inkludere både kommunale og private barnehagar og skular.
- Barnehage- og skuleeigar har det overordna ansaret for å leggje til rette for samarbeid.
Planen inneheld blant anna dette:
- Foreldresamtalar med foreldra om våren der vi blir einige om kva informasjon skulen får om barnet
- Bli kjend dagar på skulen og SFO
- Foreldremøte på skulen oktober/november siste året i barnehagen
- Fagsamling mellom pedagogar i barnehage, skule og SFO. tema samarbeid og overganger
Her finn de linken til Overgangsplan - frå barnehage til skule