Gruveklubben
Gruveklubben er staden der dei eldste i barnehagen samlast for samling og aktivitet ein dag i veka. Her er fokus på leik, samarbeid og kommunikasjon gjennom prosjektarbeid.
I Gruveklubben dreg me inn element frå «språksprell». Me bruker rim og regler, me klappar stavingar i namna våre, finn ut kva lyd me har først i namna våre og lytter til likskapar og ulikskapar. I haust byrjar me jobba med prosjekt rundt Jensaneset og etter jul startar me opp med prosjekt om gruvene på Litlabø.
Gruveklubben vert avslutta med gruvefest i Heishuset i april / mai, for barn, ansatte og familie og barna vil vera sterkt inne i planlegging og gjennomføring av dette.