COS - Circle of security eller Tryggleikssirkelen på norsk er eit verktøy som byggjer på tilknytningsteori og forskning. Sirkelen er på ein måte eit vegkart for kva behov barnet har, kva signala dei gir betyr, og kva me kan gjera for å møta barna betre i deira behov.
Me har fokus på å byggja trygge, gode og sterke relasjoner mellom barn og vaksne i barnehagen. Barn treng sensitive og omsorgsfulle vaksne rundt seg og tryggleik er ei føresetnad for at barna skal utforska, leike og læra. Barns tilknytning til foreldrene danner den viktigaste ramma rundt deira utvikling, men me som jobbar i barnehage er ein klar nummer to for veldig mange.
Det første mange tenker på ved tilknytning, er at barn kjenner nærleik og tryggleik til dei vaksne rundt seg, som når eit barn du er glad i sit på fanget og lener seg godt inntil deg. Dette er også ei viktig side ved tilknytninga, men tilknytning handler om meir enn gode kjensler. Det handlar like mykje om å hjelpa barn med vanskelige kjensler og å støtta dei i utforskning og leik.
Det me legg inn av omsorg, trøyst, ømhet, glede og latter, kjem ut igjen som god psykisk helse og meistring hos dei barna me jobbar med. Hos oss skal barnet bli rusta for å meistre resten av livet gjennom å møte omsorgsfulle, positive og grensesettjande vaksne med god relasjonskompetanse. Dei skal leike og oppleve magiske augneblink saman med gode venner. Dei skal oppleve tilhørighet og tryggleik, som gir dei eventyrlyst og utforskertrang. Når barna byrjar på skulen skal dei vera kompetente, leikne og livsglade barn med ei sterk tru på seg sjølv og ei kjensle av at dei kan noko og at dei betyr noko. Barnehagen skal utjavna sosiale forskjeller og rusta barnet for å meistre og glede seg til resten av livet.