Barnehagen med rom for opplevingar, leikelyst og barnet i fokus
Sagvåg maritime FUS barnehage ligg sentralt til i Sagvåg. Hjå oss er det godt å vere barn!
Det maritime temaet gjennomsyrer det faglege innhaldet og miljøet i barnehagen, og er med oss som ein rød tråd gjennom året. Satsingsområda våre er Sagvåg sin kystkultur og Inkludering i eit leikande fellesskap. Me har maritim progresjonsplan, maritimt årshjul og dei maritime rollefigurar som kjem på besøk innimellom, Kystnissen, Ansgar, Pederen, Gunda, Blekki og ikkje minst Måshild.
Det første året i barnehagen legg me stor vekt på å byggja gode og nære relasjonar slik at barna vert trygge i barnehagen. Tilknytning, trygghet og ein god start på barnehagelivet er viktig.
Frå barna er 2-3 år får dei i aukande grad oppleve nærmiljøet og kystkulturstien vår på turar rundt barnehagen, med minibussen og båten vår Stampe. For dei eldste har me gruveklubb, der me formidler lokalhistorien rundt det gamle gruvemiljøet på Litlabø gjennom leikprega prosjektarbeid.
Livet i barnehagen er prega av omsorg og tryggleik, leik og læring, vennskap og gode relasjonar. Å læra gjennom leiken i gode og trygge omgivelsar med tilstadeverande og pålogga vaksne er noko me set høgt. Saman skal me finna ut kva som skal til for å gi dagane eit innhald me kan bygga fellesskap rundt, med rikelig med mogleheiter til å kjenna på meistring og glede saman. Borna skal oppleva å vera ein del av eit fellesskap med gode dagar, der dei får vera i flytsona
I møte med barn og foreldre legg me stor vekt på å bygge gode relasjonar. Det å vera i dialog til beste for barnet! Me reflekterer jamnleg over eigen praksis. På den måten strekker me oss heile tida mot å vera den beste utgåva av oss sjølve, og møta born, foreldre og andre tilsette på ein best mogleg måte.
Personalet vårt har godkjent båtførarbevis og livredningskurs.