BARNEHAGEN SINE MÅL OG SATSINGAR
Fokusområda i Sagvåg maritime FUS barnehage er Sagvåg sin kystkultur, og inkludering i eit leikande fellesskap.
Sagvåg sin kystkultur
Som maritim barnehage er hovudmålet vårt at det maritime satsingsområde skal gå som ein raud tråd gjennom alt pedagogiske arbeid. I dette arbeidet er prosjektet om Sagvåg sin kystkultur med på å skapa både tilhøyrsle og stort engasjement hjå både barn og tilsette.
Mål: Barna kjenner til kystkulturen i Sagvåg, og er stolte av å høyra til i lokalmiljøet
Gjennom maritim progresjonsplan sikrar me progresjon i det maritime arbeidet. Dei ulike aldrane har sin måte å møte kystkulturen på.
Inkludering i eit leikande fellesskap
I barnehagen vår skal det vere godt å vere barn. Me vil verne om den gode barndommen.
Mål: Alle barn skal kjenne seg som ein viktig del av eit inkluderande og leikande fellesskap
Å sikra at alle barn trivest, opplever meistring og kjenner at dei høyrer til og er inkluderte i fellesskapet i barnehagen er viktig. Me legg til rette for å byggja gode fellesskap i gruppene.