Therese Heimark
Pedagogisk leiar
Bjørn
Therese byrja hos oss i august 2023, som heilt nyutdanna barnehagelærar. Ho har eit stort hjerta for naturen og korleis barna kan lære mest mogleg i leik. Therese er spontan, utadvent og tek leiken på alvor. Therese elskar å drøfte ulike synspunkt, tankar og meiningar innanfor barnehagefaget, saman med sine medarbeidarar. Me er svært glad for å ha Therese med på vårt lag.
Linda Kjellevold
Pedagogisk medarbeidar
Linda er ei spruddlande, aktiv og engasjert dame. Ho har ein omsorg og varme for alle, både for store og små. Linda har alltid ein vits eller god kommentar på lur. Struktur,orden, engasjert og løysningsorientert, er nokre få nøkkelord om denne driftige dama.
Elin Noreide
Barne og ungdomsarbeider
Elin er utdanna kokk, men vidareutdanna seg som barne og ungdoms arbeidar hausten 2022. Elin har også vidareutdanning i " barn med særskilte behov". Me tek i bruk hennar hemmelige kunster på kjøkkenet, og barna vert med på mange smakfulle opplevelsar. Elin har opparbeida seg stor kunnskap innanfor barnehagefaget. Elin er alltid positiv og blid, ein trygg og god vaksen for barna.
Marianne Jarnes
Barne og ungdomsarbeider
Marianne er den mest kreative vaksne me har i barnehagen. Ho har mange skatter på lur, både i eventyr kofferter, i samlingstund og i uteleiken. Ho byr på seg sjølv og gir barna mange opplevelser og magiske reiser som dei seint vil gløyma.
Renate Kjellevold
Pedagogisk leiar
Klatremus
Pedagogisk leiar
Renate er den som gjennomfører alt til punkt og prikke. Ho lar barna oppleve, meistre og tar dei med på oppdagelses reiser i verkelegheita og fantastien. Ho er ein skøyer som liker ablegøyer både fra små og store.
Charlotte Kjellevold
Pedagogisk medarbeider
Charlotte har jobba i banehagen sidane den opna i 2011. Ho er utdanna kokk, men jobber som pedagogisk medarbeider i barnehagen. Charlotte likar travle dagar kor ho virkelig kan ta i eit tak. Charlotte har tatt vidareutdanning i " barn med særskilte behov". Charotte er ekstremt omsorgsfull, mild og sprer glede rundt seg.
Ragnhild Algrøy
Pedagogisk leiar
Ragnhild har jobba i barnehagen sidan den opna i 2011. Ho har ein enorm omsorg for alle rundt seg. Ho er svært kreativ og elsker alt som er søtt, prikkete og stripete. Ragnhild er svært opptatt av at barna skal få oppleve meistring, glede og vennskap i barnehagen. Ragnhild har ein unik egenskap, ein ro og omsorg for barna i barnehagen. Ragnhild har alltid ein plan på lur, om det er forming, tur, leik, undring eller samlingstund.
Unni Haugland
Pedagogisk medarbeider
Unni byr virkelig på seg sjølv. Ho tar rommet og barna med storm. Ho er utadvent, ærlig, tar alltid i eit ekstra tak og blomstrer når ho får ein utfordring eller to. Unni møter deg alltid med eit vennlig smil, og har ein unik evne til å komme i kontakt med alle som kjem inn i barnehagen vår.
Linda Rabben
Pedagogisk medarbeider
Linda har jobba i barnehagen sidan den opna i 2011. Ho er ein trygg, god og kreativ vaksen. Linda er også verneombod i barnehagen, og tek HMS på alvor. Linda elskar tull og morro. Ho er inkuderande i leiken, og igangsettar. Der det er fart, spenning, musikk og morro, finn ein alltid Linda.
Siv Lorgen
Pedagogisk medarbeider
Siv har jobba i barnehage i 100 år. (Det seier ho sjølv) Ho er snill, raus og ekstremt omsorgsfull. Får Siv ei oppgåve, så vert den gjennomført med glans. Treng barna ein god klem, går ein alltid til Siv.
Astrid Ana Felix Arenas Vatle
Pedagogisk leiar
Astrid Ana har eit hjarte for musikken i barnehagen. Ho har ei røyst som får store og små til å bli våt i auga. Barna som er med Astrid Ana får utfolde seg musikalsk. Barna får omsorg og kjærlighet. Me kjenner ikkje mange som er så snill som ho.
Audny Bussesund
Pedagogisk leiar
Audny har jobba i barnehagen sidan den opna i 2011. Audny er svært kreativ, har mange gode eventyr og forteljingar som barna får gleda av. Audny har alltid orden i sakene sine, og gjennomfører med stil. Ho har ein humor og godhet som barnegruppa set stor pris på.
Loreta Borodinskiene
Pedagogiskmedarbeider
Harepus
Loreta byrja hos oss i mai 2025. Ho er utdanna veterinær og sit på mykje kunnskap og erfaring. Ho er glad i jobben sin her i barnehagen og trivs godt med barna. Ho likar å vera støttande i leiken og gjer sitt ytterste for at barna har det bra. Loreta er mild og god. Ho er omsorgsfull og tilstedeverande.
Ni lih Suciati
Pedagogisk medarbeider
Niluh har ein kunstnerisk side, som barnehagen er så heldig å få benytte seg av. Ho er knall dyktig med malekosten og blyanten. Niluh er tvers igjennom god og barna sett enorm pris på egenskapene til niluh.
Anne Line Eliassen
Barne og ungdomsarbeider
Rev
Anne Line er ny ansatt hos oss. En fantastisk dame med stort hjerte. Ho bryr seg genuint om alle mennesker, både store og små. Sprudlande, smilande og godt humør. Anne Line har også utdanning innen tegnspråk. Vi er kjempe glad for å ha Anne Line med på laget.
Silje Solbakken
Dagleg leiar
Hele barnehagen
Silje er utdanna barnehagelærar med vidareutdanning i spesialpedagogikk. Ho har tidlegare jobba som pedagogisk leiar og SFO-leiar. For Silje er det viktig at me har tryggleik, omsorg, humor og gode relasjonar. Storebø FUS skal vera ein god plass å vera for barn, foreldre og tilsette. Alle tilsette veit at me tek vare på det mest verdifulle foreldra har. Me skal ha barna først i alt det me jobbar med og for.
Valentyna Naiko
Pedagogisk medarbeider
Rev
Valentyna er en rolig, omsorgsfull og kreativ dame. Ho er mild og god saman med barna. Ho tar gjerne i et tak og liker å sette seg ekstra godt inn i ting, gjer det "lille ekstra" i det ho gjer. Valentyna er tilstedeverande vaksen som ser barna i barnehagekvardagen. Det er en fantastisk egenskap å ha.
Rubi Hernandez
Pedagogisk medarbeider
Rev
Rubi er en hjelpsom person, en som bryr seg og ønsker å hjelpe de som trenger det. Rubi tar ansvar og oppgaver på strak arm, plutselig er ting allerede gjort. Ho er mild, rolig og omsorgsfull saman med barna. Et godt fang å sitte på og gir varme klemmer. Rubi er smilande og blid, en trygg vaksen for barna i barnehagen.
Hanne Haugland Østervold
Pedagogisk leiar
Bjørn
Hanne byrja her hos oss i desember 2025. Ho har god erfaring frå barnehage tidlegare. Hanne er glad i naturen og friluftsliv, ho er og eit aktivt menneske med erfaring frå idretten. Ho er smilande og blid og er eit positiv menneske. Ho byr på seg sjølv og har hjarte for både barna og sine med tilsette. Me er veldig glade for å ha ho med oss på laget.