
Daglig leder
Utdanna barnehagelærer og jobba som daglig leiar i Storebø FUS barnehage sidan 2013. Blid, positiv og gjer sitt ytterste for at ansatte, foreldre og barna skal trives i barnehagen.

Vaktmester/ julenisse
Inge er vaktmesteren, julenisse og maskoten vår i barnehagen. Alle barna kjenner han og gleder seg til han kjem i barnehagen. Han har mange hjelparar som ønsker å bidra. Han tar seg alltid tid til barna. Dei synest det er svært underlig at han plutselig får langt skjegg i desember. Og skjegget er EKTE. Ja denne mannen kan ALT og me er heldig som har han i barnehagen.
- Vaktmester/Julenisse

Ringevikar
Anita jobber i barnehagen ved behov. Ho har mange gode egenskaper som barna sett stor pris på. Akkurat no er det revegruppa som er så heldig å få Anita inne hos seg 3 dagar i veka.

Ringevikar
Linda er ei spruddlande, aktiv og engasjert dame. Ho har ein omsorg og varme for alle, både for store og små. Ho har alltid ein vits eller god kommentar på lur.
- Avdeling Harepus

Pedagogisk leder
Kathrine har jobba i barnehagen sidan den opna i 2011. Kathrine har ei evne til å fange barna sin oppmerksomhet, på ein god måte. Barna vert sett, høyrt og får mykje omsorg. Kathrine ser barna og er svært tilstedeværande i barnehagen.
- avdeling Harepus

Barne og ungdomsarbeider
Elin er utdanna kokk, men jobber som pedagogisk medarbeider hos oss. Me tar i bruk hennas hemmelige kunster på kjøkkenet, og ho tar barna med på mange smakfulle opplevelsar. Elin er alltid positiv og blid, ein trygg og god vaksen for barna.
- avdeling Bjørn

Barne og ungdomsarbeider
Marianne er den mest kreative vaksne me har i barnehagen. Ho har mange skatter på lur, både i eventyr kofferter, i samlingstund og i uteleiken. Ho byr på seg sjølv og gir barna mange opplevelser og magiske reiser som dei seint vil glømma.
- avdeling Harepus

Pedagogisk leder
Renate er den som gjennomfører alt til punkt og prikke. Ho lar barna oppleve, mestre og tar dei med på oppdagelses reiser i virkligheten og i fantastien. Ho er ein skøyer som liker ablegøyer både fra små og store.
- avdeling Rev

Pedagogisk medarbeider
Charlotte har jobba i banehagen sidane den opna i 2011. Ho er utdanna kokk, men jobber som pedagogisk medarbeider i barnehagen. Charlotte likar travle dagar kor ho virkelig kan ta i eit tak. Charotte er ekstremt omsorgsfull, mild og sprer glede rundt seg.
- avdeling Klatremus

Pedagogisk medarbeider
Linda er ei kreativ dame som blomstrer når ho får utfolda seg estetisk. Ho tar alltid i eit ekstra tak og lar barna få finne fram den kreative sida i seg sjølv. Ho lar barna undre og forske, og plutselig har ho eit forskningsprosjekt på gang saman med barna.
- avdeling Bjørn og Rev

Pedagogisk leder
Ragnhild har jobba i barnehagen sidan den opna i 2011. Ho har ein enorm omsorg for alle rundt seg. Ho er svært kreativ og elsker alt som er søtt, prikkete og stripete. Ragnhild er svært opptatt av at barna skal få oppleve meistring, glede og vennskap i barnehagen.
- avdeling Bjørn

Pedagogisk medarbeider
Unni byr virkelig på seg sjølv. Ho tar rommet og barna med storm. Ho er utadvent, ærlig, tar i eit tak og blomstrer når ho får ei utfordring eller to. Unni møter deg alltid med eit vennlig smil, og er du heldig får du deg ein skikkelig bamseklem.
- avdeling Bjørn

Pedagogisk medarbeider
Yvonne er ei utrullig snill, engasjert og motivert dama. Ho er også ganske så kretiv, så ho likar når ein delegerer oppgåver til ho. Ho er ein trygg og god vaksen for barna.
- avdeling Harepus

Pedagogisk medarbeider
Linda har jobba i barnehagen sidan den opna i 2011. Ho er ein trygg, god og kreativ vaksen. Ho legg til rette aktiviteter slik at barna får utfolde seg kreativt. Ho er knall god på spill, tall og alfabetet.
- avdeling Rev

Pedagogisk medarbeider
Siv har jobba i barnehage i 100 år. (Det seier ho sjølv) Ho er så snill som dagen er lang. Får Siv ei oppgåve, så gjennomfører ho med glans. Treng barna ein god klem, går ein alltid til Siv.
- avdeling Rev

Pedagogisk leder
Astrid Ana har eit hjerte for musikken i barnehagen. Ho har ei røyst som får store og små til å bli våt i auga. Barna som er med Astrid Ana får utfolde seg musikalsk. Barn får omsorg og kjærlighet. Me kjenner ikkje mange som er så snill som ho.
- avdelig Klatremus

Pedagogisk leder
Audny har jobba i barnehagen sidan den opna i 2011. Audny er svært kreativ, har mange gode eventyr og forteljingar som barna får gleden av. Audny har alltid orden i sakene sine, og gjennomfører med stil. Ho har ein humor og godhet som barnegruppa set stor pris på.
- avdeling Ekorn

Pedagogisk medarbeider
Svanaug har jobba i barnehagen sidan den opna i 2011. Svanaug er tvers igjennom god. Ho har alltid kontroll og gjer sitt ytterste for at barna har det bra.
- avdeling Ekorn

Pedagogisk medarbeider
Niluh har ein kunstnerisk side, som barnehagen er så heldig å få benytte seg av. Ho er knall dyktig med malekosten og blyanten. Niluh er tvers igjennom god og barna sett enorm pris på egenskapene til niluh.
- avdeling Ekorn

Pedagogisk medarbeider
Torhild er tvers igjennom god. Ho likar å spele med barna, leike med konstruksjon leiker og være ein støtte i leiken. Torhid er mild, god og omsorgsfull.
avdeling - Bjørn