Når barnet byrjar i barnehagen
Barnehagen skal i samarbeid med foreldra leggja til rette for at barnet skal få ein trygg og god start i barnehagen. Me vil tilpassa rutinar slik at barna vert kjent både med personalet og dei andre barna. Barnet vil i den første tida få tett oppfølgjing slik at det kan oppleva tryggleik og kjensla av å høyre til. Me tar høgde for at barn har ulike behov og tilpassar starten etter desse. Personalet skal ha spesielt fokus på sine kunnskapar om relasjonbygging den første "bli kjend" tida. Før de startar inviterer me til eit foreldremøte der me fortel litt om barnehagen vår, de får sjå litt rundt i barnehagen og spørja om det de lurer på.
Ein trygg start saman
Besøk i barnehagen før oppstart gir både barnet og foreldra høve til å bli kjende med omgjevnadene, møte dei vaksne og få ein roleg og trygg introduksjon til barnehagen. Me inviterer til bli besøksdagar, det kan vere godt for barnet å få sjå romma, leike litt og bli kjend med dei nye omgjevnadene saman med ein trygg vaksen. Samstundes får de som foreldre høve til å stille spørsmål og bli litt kjende med oss som skal vere saman med barnet dykkar. I samband med oppstarten inviterer vi til oppstartssamtale i barnehagen. Her få vi høve til å bli betre kjende, og saman kan vi dele informasjon, forventningar og tankar om barnet sine behov og det som er viktig for ein god start. På denne måten kan vi saman skape tryggleik, føreseielegheit og en god start for heile familien.
Vi er her for dykk
Vi veit at starten i barnehagen kan vere ei stor overgang, både for barnet og foreldra. Nye omgjevnader, nye mennesker og nye rutinar kan gi mange kjensler og spørsmål. Hos oss skal de kjenne dykk trygge og ivaretekne. Vi ønskjer å vere gode støttespelarar for både barnet og dykk som foreldre, gjennom heile tilvenningsperioden og vidare. Har de spørsmål, tankar eller uro de ønskjer å dele med oss, er de alltid velkomne til å ta kontakt. Vi lyttar, svarar så godt vi kan og samarbeider med dykk for at barnet skal få ein trygg, god og positiv start i barnehagen.
Saman skaper vi ein trygg kvardag for barnet.

