Eigenledelse blir beskrive som «hjernens dirigent». Det er evna til å vere aktiv og sjølvstendig i ei oppgåve over tid. Det blir brukt som ein samlebetegnelse for dei overordna funksjonane i hjernen som sett i gang, styrer og regulerer atferden vår. Desse funksjonane kan delast opp i det kognitive aspektet som handlar om korleis barnet utnyttar sin mentale kapasitet og det sosiale aspektet som handlar om korleis me er saman med andre. Planlegging, organisering og arbeidshukommelse er eigenskapar som til saman utgjer barnets mentale kapasitet, og igangsetting, fleksibilitet, sjølvregulering og sjølvmonitorering er eigenskapar som til saman utgjer korleis barnet er saman med andre.
Barn må bruke mange ferdigheter for å løyse dagligdagse utfordringar, og eigenledelse er avgjerande for å bruke eigne ferdigheter så godt som mulig. Rolleleiken er spesielt godt eigna til å utvikle eigenledelse. Derfor har leik, og spesielt rolleleiken, ein sentral plass i Sundve FUS barnehage. Vårt mål er at kvart barn skal bli den beste utgåva av seg sjølve. Eigenledelsefunksjonen utviklar seg ikkje av seg sjølv, og derfor er det viktig med tilstedeværelse fråd ei vaksne. Hjå oss i Sundve FUS barnehage er me derfor opptatt av å vere nær barna og leiken, slik at me kan kontinuerlig kartlegge barnas kompetanse innafor eigenskapane i eigenledelseshjulet. Under foreldresamtalar me har med alle foreldre, går me gjennom kvart enkelt barn sin kompetanse innanfor eigenledelse, og saman sett me eit mål for vidare utvikling og progresjon.
Med aktive tilsette som har kunnskap om eigenledelse sikrar me at barna får best mulig forutsetningar for ein god skulegang og eit godt liv.