Hopp til innhold
VELKOMMEN TILBAKE! Nå skal vi endelig leke, hoppe, løpe og herje sammen igjen: ) Nære, men med avstand. Vi følger selvfølgelig Folkehelseinstituttets smitteveileder og holder oss i mindre grupper med god hygiene. Vi gleder oss!

Sundve FUS barnehage

Vi har ledige barnehageplasser!

Kom gjerne innom og besøk oss! Møt oss og se hvor fint vi har det.
Noe du lurer på?
Bare å spørre :) AVTAL MØTE
Kontakt:
Katrine Sleen
Daglig leder

Tlf: 91 75 12 53
E-post: dl.sundve@bhg.no
Sundve FUS barnehage as

Sundve FUS barnehage er ein basebarnehage med plass til ca. 75 barn, som ligg ca. 20 minutt nord-aust frå Voss sentrum. Vår landlige omgjevnad gir gode mulighetar for leik og turar i skog og mark, og me har ein stor og flott kunstgrasbane som næraste nabo. Med snø opp mot 6 månadar i året, har me gode mulighetar for ski- og anna snøleik. Barnehagen lagar, i tråd med FUS sine retningslinjer om «SmartMat», næringsrik mat som skapar barn som er glade og som har overskudd til leik!

Satsingsområdet til barnehagen i år er livsmeistring og helse. Gjennom felles mål og verdier hjelper me barna med å vise empati, byggje venskap og gode relasjonar. Me byggjer gode og sterke relasjonar som utviklar seg til varige vennskap gjennom å støtte kvarandre, inkludere og sette fokus på det som er bra. Personalet er til stades og er støttande når barna byggjer relasjonar, deltek i samspel og tileignar seg og vidareutviklar ferdigheter som gjer samhandlinga mellom dei trygg og positiv. Me fokuserar på barnas sosiale kompetanse for å førebyggje mobbing og mobbeatferd. Me ynskjer heile tida å skape kvardagsmagi og vennegaranti. Gjennom eit tett og konstruktivt foreldresamarbeid sikrar me at barnehagen blir ein forlengelse av heimen og ein del av familien.

                                                                                       

I Sundve FUS barnehage er me tilstedeværande tilsette, som tek barnas leik på alvor. Med tilsette som har kompetanse innanfor «Eigenledelse i leik og læring» sikrar me at barna lærer seg alle eigenskapar dei har behov for å fungere godt i samspel med andre menneske. Me ynskjer å gi barna meistringsfølelse kvar einaste dag, og har fokus på barnas interesser. Me er opptatt av at barna skal føle seg høyrt, og at dei har ein innverknad på dagen sin i barnehagen. Kvardagen i Sundve FUS er fylt med leik, latter, glede, gode samtalar og utvikling.

Barnas tilknytning er viktig, og i Sundve FUS barnehage er me opptatt av ei god tilvenning ved oppstart. Barnas første dagar i barnehagen er tida for å etablere gode relasjonar til dei vaksne på avdelinga, med mamma eller pappa som trygg base.

  • Før oppstart i barnehagen blir det gjennomført foreldremøte. Dette møtet blir stort sett gjennomført i juni.
  • Me inviterar til eit besøk i barnehagen før oppstart.
  • Tilvenning i små grupper for at barnet skal ha best mulig forutsetningar for å bli kjent med det fysiske miljøet og byggje relasjonar.
  • Alle barn får tildelt ein primærperson. Primærpersonen skal vere den som tek i mot på tilvenninga, og som har eit ekstra ansvar for barnet den første tida i barnehagen.
  • Foreldre er med barnet, og hjelper det i overgangen heime – barnehage. Tilvenninga er individuell, og tilvenninga blir avtalt mellom foreldre og primærpersonen.
  • Det blir gjennomført ein oppstartssamtale med ein pedagog før barnet begynner i barnehagen. Barnehagen får då informasjon om barnet, og barnas første leveår, og ein kan bli litt bedre kjent før oppstart.

Me er opptatt av å levere eit barnehagetilbud av høg kvalitet, som gir barnet ditt dei beste forutsetningar for vegen vidare i livet. Barnet først er meir enn berre slagordet vårt. Det består av forskningsbasert metodikk for å anarkjenne, forstå og handle til det beste for ditt barn. Gjennom observasjonsverktøyet CLASS evaluerer me vår eigen praksis for å sikre høg kvalitet. CLASS kombinert med foreldreundersøkinga frå Udir, og eit tett foreldresamarbeid, dannar det eit optimalt grunnlag for å heile tida kunne forbedre oss og sikre at me er ein høgkvalitetsbarnehage.

                                                                   I Sundve FUS barnehage kjem barna først!

                                                                                 

Søk barnehageplass

Avdelinger

Sandhaugen (Gran)
Pedagogisk leiar:
Malin Møen og Laila R. Tveite
Tlf: 992 01 133
Smaohamrane
Pedagogisk leiar:
Annette Nesheim, Marianne Bøe og Susann M. Reinfjell
Tlf: 992 01 131
Sandhaugen (Bjørk)
Pedagogisk leiar:
Jorunn Hirth
Tlf: 992 01 132