Vår viktigaste samarbeidspartner er foreldra til barnet. Det er dei som kjenner barna best, og derfor er me avhengig av å ha eit tett og konstruktivt foreldresamarbeid. I Sundve FUS er me i dialog med foreldra så ofte me kan. Ved henting og levering utvekslar me positive erfaringar med barnet til stades, for å gi foreldra eit inntrykk av korleis dagen har vore, i tillegg får barnet positiv merksemd og ein mulighet for å delta i samtalen. Skulle det vere behov for å snakke om noko barnet ikkje bør høyre, sett me av tid og rom for dette. Det er også mulig for foreldre å ta kontakt med dagleg leiar dersom dei har behov for det. Dette kan skje gjennom ein tur innom kontoret, på telefonen eller e-post. Foreldra skal føle seg trygge på å bli sett og høyrt, og kan alltid ta kontakt uansett kva dei lurar på.
Foreldreundersøkinga gjennom Udir blir sendt ut årleg, og er eit viktig verktøy for oss. Me brukar resultata på denne undersøkinga til å sjå på kvaliteten me tilbyr på dei ulike områda den tek for seg. Undersøkinga gir foreldra muligheta til å score oss på ute- og innemiljø, relasjonar, trivsel, informasjon, utvikling, medverknad, tilvenning, skulestart, tilfredshet og henting og levering.
Foreldreundersøkinga for 2021 viser 4,4 av 5. Dette er ein auke sidan 2020, og me ynskjer å fortsette å auke denne scoren i tida framover. Ny undersøking blir gjennomført november/desember 2022.
Informasjonsflyt mellom tilsette og foreldre skapar grunnlaget for at barnehagen skal kunne tilrettelegge for barnets beste. Me gjennomfører minst 2 foreldresamtalar årleg, der ser me på barnets utvikling og sett framtidige mål saman. Me ynskjer at foreldre skal kunne sjå på barnehagen som ein del av familien, og at me jobbar saman mot at barnet skal bli den beste versjonen av seg sjølv. Me brukar også kommunikasjonsappen «MyKid», der me held kontakten om daglegdagse ting. På MyKid legg me ut bilder/videoar om kvardagen til barna i barnehagen, me skriv om dagen i dag, og me held foreldra oppdatert på endringar, tradisjonar, osv., gjennom nyhetsbrev.