Tryggleikssirkelen
Dette handlar i hovudsak om OSS SOM VAKSNE I MØTE MED BARNA.
Gjennom arbeidet med vaksenrolla fokuserer me på sjølve barnet, og oss som vaksne i møte med barnet. Målet er at me som vaksne skal vera dei beste vaksne i samspelet med barna me møter i vår barnehage.
Tryggleikssirkelen er eit verktøy me kan bruka for å forstå og møta barnas behov. Tryggleikssirkelen er ein visuell sirkel, der den vaksne er den trygge og sikre havna. Når barnet er utforskande, beveger det seg ut frå den trygge havna, barnet er då oppe i sirkelen. Barnet er framleis avhengig av vaksne i form av støtte, hjelp ved behov og glede med barnet. Når barnet er nede i sirkelen har barnet behov for beskyttelse, trøst, godhet og organisering av følelsane sine (Powell, Cooper, Hoffman, Marvin, 2015).
Trygge relasjonar viser seg å ha stor innverknad på barna si psykiske helse og legger grunnlaget for vidare emosjonell, sosial og kognitiv utvikling. For at dei vaksne i barnehagen skal kunna etablera trygg tilknytning til barna, er dei avhengig av å kunna forstå barnet innanfrå (Brantzæg, Torsteinson, Øiestad, 2015).