«Barnehagen skal ha ein helsefremjande og førebyggjande funksjon og bidra til å jamne ut sosiale forskjellar. Barnas fysiske og psykiske helse skal fremjast i barnehagen. Barnehagen skal bidra til at barna trivst og opplever livsglede, meistring og ei kjensle av eigenverdi, og han skal førebyggje krenkingar og mobbing» (Rammeplanen 2017).
I Sundve FUS barnehage har me fokus på livsmeistring og helse. Bakgrunnen for dette er vår kompetanseheving/forskningsprosjekt «barnet først», «eigenledelse i leik og læring» og Voss herad si satsing «tidlig inn». Områder som har betydning for barnas livsmeistring er bl.a tilknytning, leik, barnas medverknad og dei vaksne sin tilstedeværelse. Dette er områder som me i Sundve FUS barnehage jobbar med dagleg, og som me ser har stor betydning for barnas utvikling.
Barna skal få støtte i å meistre motgang, handtere utfordringar og bli kjent med eigne og andres følelsar. Personalet i Sundve FUS barnehage er derfor opptatt av å vere til stades, og støtte barna når dei byggjer relasjonar, deltek i samspel og tileignar seg og vidareutviklar ferdighetar.
Målet for arbeidet med livsmeistring og helse er:
- Jobbe vidare med å utvikle eit trygt og god psykososialt barnehagemiljø for både barn og vaksne.
- Å ha eit barnehagemiljø der alle trivst og har det godt saman.
- Å ha barn og vaksne som tørr å teste ut nye sider ved seg sjøl.
- At me er lydhøyre og grip fatt i utfordringar tidleg for å hindre at uheldige mønster utviklar, eller festar, seg over tid.
- At personalet legg til rette for nok søvn, og kvile, som passar for kvart enkelt barn.