Mattilbod i Vikedal FUS barnehage
I barnehagen vår serverer me lunsj, fruktmåltid og mjølk kvar dag.
Til frukost så har barna med seg eigne matpakkar. Me ser at foreldra er opptatt av å gje barna ein god start på dagen så her er det mykje sunn og god mat. For tida så har me varm havregraut to ganger i veka til lunsj, og her toppar me med blåbær, banan, kanel, rosiner, eple, honning og eventuelt anna som måtte friste. Barna er svært glad i grauten og standarspørsmål frå barna er; «Er det graut i dag?»
Me serverer også anna varm lunsj med jamne mellmrom, men ikkje noko fast dag. I periodar på året så er me sjølvforsynt med råvarer, som blant anna fisk som me lagar heimelaga fiskesuppe av som bilete viser. Me skal alltid ha frukt eller grønsaker til alle måltida me serverer i barnehagen
Kostpengar er 400kr pr månad for full plass
SmartMat retningslinjer:
1. GRØNSAKER. Me servere grønsaker så ofte me kan - både til brødmåltider og varmmåltider.
2. FISK. Me servere rein fisk eller produkter med mest mogleg fisk.
3. KJØTT. Me velge reint kjøtt eller produkter med høgast mogleg kjøttprosent.
4. KORN. Me nyttar næringsrike kornsortar med mest mogleg fullkorn. Me bruke også fleire ulike typar belgfrukter, som til dømes linser og bønner.
5. BALANSERT INNTAK AV FETT. Me nyttar plantefett som til dømes olivenolje og kokosolje, samt meierifett frå smør og ulike melkeprodukter.
6. VATN. Me drikk vatn når me er tørste, og koser oss heller med mindre mengder av anna drikke.
7. NATURLEGE SØTNINGSSTOFFER. Me nyttar naturleg søte ting som til dømes frukt og bær.
8. VARIASJON. Me servere varme måltider og andre alternativer til brødmåltidet så ofte me kan, slik at barna får eit meir variert kosthold og nok grønsaker.