CLASS
Fagleg bakrunn.
Barnehageåra er ein viktig periode for barna si følelsesmessige utvikling. Barnehagen har derfor ei viktig rolle i å tilrettelegge for utviklinga av barnas evne til å forstå og handtere sin emosjonelle verden og for utviklinga av barnas emosjonelle kompetande.
Nyare forsking syner at det er relasjonskompetansen til dei tilsette som har betydning for barnas oppleving av kvalitet. Dette tek FUS på alvor og ynskjer derfor å forske på om kompetanseutviklinga til personalet bidrar til høgare kvalitet på den sosioemosjonelle støtta, læringsstøtta og organiseringa på avdelinga.
For å kunne måle kvaliteten på relasjonen mellom barn-voksen nyttar ein eit observasjonsverktøy som heiter CLASS. (Classroom assesment scorings system)
Sertifiserte class observatører observerer voksen-barn relasjonen på kvar avdeling og oppsummerer observasjonane i ein rapport. Personalet går gjennom rapporten og utarbeider ein handlingsplan for vidare arbeid.
CLASS er forankra i TTI (teaching through interactions). Grunnleggande element i TTI er at ein ser interaksjonen mellom barn og vaksen som ein katalysator for barns leik, læring og utvikling.
LÆRINGSMILJØPROSJEKTET
Læringmiljøprosjektet er eit tilbod frå Utdanningsdirektoratet til kommunar med barnehagar og skular som ynskjer å jobbe med læringsmiljø og mobbing. Læringsmiljøsenteret, (Nasjonalt senter for læringsmiljø og adferdsforskning) Universitetet i Stavanger vil bidra med støtte og rettleie i prosjektet. Våre rettleierar er Svanaug Lunde og Marianne C Gjærstad.
Våre fokusområder i dette prosjektet er:
Læringsmiljø
Forebygging
Avdekking og handtering av mobbing
Regelverk, leiing og organisasjonsutvikling
Det er kome ny mobbelov i barnehagelova (01.01.20). Alle barnehagar er forplikta til å kartlegge læringsmiljø og laga ein aktivitetsplan i tilfeller der krenking eller mobbing førekjem. Ein skal vera særs varsom på sensitive barn.
Me samarbeider med bl.a Ølensjøen FUS barnehage, Ølen skule og Vikedal skule som også er med i dette prosjektet.
EIGENLEIING I LEIK OG LÆRING
Eigenleiing er evna til å vera aktiv og sjølvstendig i ei oppgåve over tid. Det vert nytta ein samlebetegnelse for dei overordna funksjonane i hjernen som set igong, styre og regulere adferden vår. Desse funksjonane kan delast opp i det kognitive aspektet som handlar om korleis barnet utnytte sin mentale kapasitet og det sosiale aspektet som handlar om korleis me er isaman med andre. Planlegging, organisering og arbeidshukommelse er eigenskapar som til saman utgjer barnets mentale kapasitet og igongsettingsevner, fleksibilitet, sjølvregulering og sjølvmonitorering er eigenskapar som til saman utgjer korleis barnet er isaman med andre.
Eigenleiing er avgjerande for sosialt samspel, deltaking og medverknad i barnehagen og gode eigenleiingferdigheter kan sjåast i samanheng med tidlege ferdigheter innanfor lesing, skriving og mattematikk. For å gi barna best moglege forutsetningar for vidare skulegong ser me viktigheten av å støtte barna i å utvikle desse ferdighetene. Det er slik at førskulealderen er den perioden der stimulering av eigenleiingferdigheter har størst effekt på hjernen. Rolleleiken er ein av dei beste pedagogiske verkemidlene for å styrke eigenleiing. Derfor verne me om denne type leik og tilrettelegger for at den skal kunne oppstå mest mogleg i kvardagen. Under foreldresamtalen går me igjennom barnets kompetanse innanfor eigenleiing for å isaman kunne setje eit mål for vidare progresjon.