Bli med inn i vår magiske verden
Velkommen til Vikedal FUS barnehage. Det viktigaste i livet til små barn er behovet for tryggleik og omsorg. Tryggleik og omsorg først, og deretter læring gjennom leik, samspel og erfaringar saman med andre. Me veit at ditt barn er det viktigaste i ditt liv, og derfor er ditt barn også så viktig for oss. Med trygge omsorgspersonar rundt ditt barn i barnehagen vil barnet våge å utforske og undre seg over livets små mysterier.
Våre verdier
I Vikedal FUS barnehage har me glødande, skapande og tilstedeverande ansatte. Ikkje minst så er me veldig glad for å kunne fortelle om lågt sjukefravær og høgt nærvær i barnehagen vår. Me har ei god og stabil bemanning som har høg arbeidsmoral og stor arbeidslyst til å gå på jobb. Når ein barnehagen har høgt nærvær vil dette bidra til å kunne sjå, støtta, veilede barna samt det å ha kontinuitet i ditt barns utvikling - fordi dei som kjenner barnet ditt er tilstede.Aktiviteter og opplevingar
I Vikedal FUS barnehage kan me tilby barna varierte aktivitetar og opplevelsar. Barnehagen ligg sentralt, og me har kort vei til idrettshallen som me brukar jevnleg.
Det er og kort veg til lavoplassen vår i skogen, og til båthavna der båten vår ligg.
Me likar også å spele gitar og synge. Rim og regler er kjempekjekt. Saman øver me oss på å gjennkjenne eigne følelsar når me jobbar med sosial og emosjonell kompetanse for barn, og sist men absolutt ikkje minst så likar me kjempegodt å leike.
Leik er det aller viktigaste i vår barnehagekvardag!
Stabilitet og kontinuitet
Personalet i Vikedal FUS barnehage har mykje god kunnskap og kompetanse. Dei fleste av oss har vore med sidan oppstarten i 2008 og har dermed deltatt på alle FUS sine satsinger. Me veit at det er viktig med god kvalitet i alle ledd, fra god kvalitet på ledelse til god kvalitet i alle relasjonene og prosessane som skjer i barnehagen vår kvar dag.Velkommen til oss!