Når barnet ditt byrjar i barnehagen
Det er ei stor hending i livet for små barn når dei byrjar i barnehagen. Me ynskjer at barnets og foreldras første møte med barnehagen skal være prega av trygghet og omsorg. Personalet i barnehagen vår har lang og god erfaring i å ta imot nye barn, og me brukar trygghetssirkelen som rettesnor.
Barnet skal bli vande med ein ny kvardag og nye mennesker, og det vil vere mange nye inntrykk på kort tid. Med god tilknytning til dei ansatte i barnehagen blir barnet endå meir rusta til å tåle det som ikkje er kjent.
Me vil gi god informasjon om tilvenninga, og me vektlegg dialog og samarbeid med dykk foreldre høgt. Det skal opplevast som trygt og godt å levere barnet frå seg.
Slik vert vår tilvenning praktisert som eit utgangspunkt, men me vil vere i dialog med dykk foreldre om dykkar og barnets behov
- Set av god tid til tilvenning for alle barn
-Gir foresatte informasjon om barnehagen sine rutinar for oppstart og tilvenning og bakgrunn for rutinane.
-Invitere alle barn og foresatte til besøksdagar før oppstart
-Har ein tilknytningsperson ved oppstart for alle barn
-Har tett dialog med foresatte i tilvenningsperioden
-Gjennomføre ein oppstartsamtale kort tid etter oppstart
-Tilrettelegg for ein trygg og god oppstart uansett når barna byrjar og uansett alder
Den fyrste dagen i barnehagen, bør foreldra halde seg nær barnet. Det er viktig for tilvenninga at foreldra er aktivt med på å introdusere det nye miljøet for barnet. Foreldra er saman med barnet, er i rommet ved lek osv. Me anbefaler at denne første dagen er ein kort dag som varer kun nokre få timar. Det er viktig å gå heim når humøret er på topp slik at ein kan hugse barnehagen som ein kjekk plass som barnet vil tilbake til
Etter kvart så overtek personalet meir av ansvaret for barnet, men framleis er foreldra aktivt med. Det avtales med personalet om korleis tilvenninga videre blir best mogleg for ditt barn.
Mange foreldre gruer seg til å gå frå barnet sitt i barnehagen. Det er viktig å seie skikkeleg hadet, og ikkje snike seg vekk – for det kan skape meir usikkerhet hjå barnet. Om barnet gret så skjønar me at det er vondt å gå, men det er viktig å gå når du har bestemt deg for det. Ikkje nøle.
Du må gjerne ringe for å høyre korleis det går med barnet, og me vil også ringe deg for å trygge deg..