Vikedal FUS barnehage deltar årlig i foreldreundersøkinga via Utdanningsdirektoratet.
Det er viktig for oss å få tilbakemelding på korleis foreldra opplev barnehagetilbodet me gjev barna. Resultata undersøkinga gjev oss brukar me til internt arbeid videre for å bli endå betre.
Scoren går frå 1,0 til 5,0 der 5,0 er best.
Me er veldig stolt av at me fire år på rad oppnår ein foreldretilfredshet på 4,7 som også er måltallet til FUS.
Me ser også med glede at me oppnår høg måloppnåing på barnas trivsel, barnets utvikling og relasjon til ansatte.