
Jenny er vår strukturerte leiar med god oversikt over det daglege arbeidet i barnehagen. Ho er opptatt av kvalitet og utvikling, kompetanseheving står i fokus. Jenny tek seg tid til kvar og ein medarbeidar, kontordøra står alltid open. Jenny har etterutdanning i pedagogisk rettleiing i barnehage, 1 årig EQ-utdanning og nasjonal leiarutdanning for styrarar i barnehage (2020-2021). Inneværande år tek ho vidareutdanning i "leiing av utviklings- og endringsarbeid" via BI i Stavanger.

Elin er opptatt av gode oppvekstvillkår for barn og korleis barnehagen kan vera ein arena for å skapa tryggleik, omsorg , leik og samspel i barnegruppa. Ho har stort fokus på mangfold og inkludering i arbeidet sitt.
Elin har fleire etterutdanningar blant anna i Problemadferd, Profesjonretta rettleiingsutdanning for praksislærar og Tverrfagleg arbeid i psykososialt arbeid med barn og unge.
Er sertifisert Class observatør Pre-K og Toddler.

Avd Roatoppen
Stine er ei blid og omgjengeleg å være rundt, for både store og små. Stine er engasjert i kvart enkelt barn. Ho er oppteken skapa tryggleik og tilhørighet for alle barna på avdelinga.

Avd Joa Kari
Charlotte er positive og imøtekommande. Ho er ein trygg og tilstedeværande vaksne. Charlotte er svært glad i dyr og dyrelivet.

Avd Roatoppen.
Karoline er ein dyktig og engasjert pedagog. Karoline er raus, omsorgsfull og ein trygg vaksen. Ho likar seg godt på tur og gi barna gode opplevingar i naturen.
Er nå i mammapermisjon.

Det er godt for barna å vera i Marita sitt nærvær, ho er roleg og avbalansert. Marita ser kvart enkeltbarn og talar deira sak. Marita er svært glad i friluftsliv, ho tek ofte barna med på tur.
Marita er i foreldrepermisjon frå mai 22

Avd: Litlehagen
Hege har ein positiv tilstedeværelse. Ho er ein trygg og varm vaksen, og god på å sjå kvart enkelt barn og deira behov. Hege er enkel å snakka med, og er åpen og fleksibel for endringar.

Avd Roatoppen
Dei gode samtalane er viktig for Grete, dette har ho fokus på i alt ho gjer med barna. Heldige er dei barna som får delta på Grete sine samlingar, ho er alltid godt førebudd med innhaldsrike samlingar.

Avd Joa Kari
Mathilde er oppteken av å sjå enkelt barn, og deira behov. Ho likar godt å ha oversikt og kontroll i barnehagekvardagen. Mathilde er roleg, varm og ser viktigheten med å bygga god relasjon til barn, foreldre og kollegaer. Likar godt å ha samlingstunder med eventyr og musikk.

Avd Roatoppen/supervikar
Synneva gløde for å gi barna lærerike erfaringar med og i naturen gjennom ulike årstider. Ho er også opptatt av at barna skal ha ei oppleving av å bli sett, forstått og tatt godt vare på av oss voksne.
Synneva køyrer FUS bussen.

Avd Litlehagen.
For Mari-Alice er det viktig å la barna bli høyrt, sett og tatt på alvor. Ho ser ikkje ikkje problemet i barnet, men barnet som befinne seg i problemet. Mari-Alice er oppteken av å skapa god og trygg kvardag for barna, der barn skal være barn gjennom leik, læring, sansing og medverknad. Skapa gode relasjonar og tryggleik hjå barn og foreldre er viktig for Mari-Alice. Trygge barn, kan bety trygge foreldre.
Har master i spesialpedagogikk.
Er i mammapermisjon fra februar 2023.

Avd Skukkane
Lene nyttar gjerne drama som metode i det pedagogiske arbeidet. Ho går fort inn i ei rolle med lausbarten på. Ho likar svært godt å gå inn i filosofiske samtalar med barna, å undre over dei mest finurlege ting sett frå eit barns perspektiv.

Avd Roatoppen
Brita er opptatt av å ha opne og ærlige samtalar om alt mogleg. Ho likar særs å spela spel, gå på tur, vera ute i naturen. Brita er ei praktisk anlagt dame, alsidig, spontan og tek på seg det meste av oppgåver.

Avd: Roatoppen
Kamilla er ei roleg og omsorgsfull barnehagelærar som nett er byrja hjå oss her i Ølensjøen. Kamilla er god på å skapa gode og trygge relasjonar med barna. Har overblikk og eit positivt mennske å vera rundt. Ho kjem fra Sørlandet, og har tildligare jobba som barnehagelærar i Kristiansand. Me er heldige som har fått Kamilla med oss på "laget".

Avd Roatoppen
Elissett byrja hos oss i august. Elissett er ei sprudlande og positiv kollega, og ein god vaksen for barna å vera nær. Elissett likar godt å ha formingsaktivitetar og det å være kreativ saman med barna.

Avd Skukkane
Sølve er opptatt av å bruke naturen som leike- og meistringsarena. La små, heile menneske få leike seg under kunnskapens tre, gjerne akkompagnert av gode musikkopplevingar.
Sølve køyrer FUS bussen vår.

Kjøkken/Litlehagen
Jeanine tek stadig barna med på tur. Ho vel gjerne ulendt terreng, slik at barna vert utfordra motorisk. Ho likar å ha travle og innhaldsrike dagar. Å halde på med bokprosjekt er noko ho likar svært godt.
Frå mars 22 er Jeanine 60% i stilling på kjøkkenet med ansvar for varmmat, bestillingar og alt som følger med på eit storkjøkken. Er ein super organisator, har full oversikt og lagar nydeleg mat!

Avd Skukkane.
Mona er tilstades for barna, ho er nede på gulvet og er i stadig leik. Ho er opptatt av å sjå barn utvikle seg og klare nye utfordringar. Mona er glad i å vera ute i naturen ilag med barn, og skape ting, vera kreativ gjennom ulike formingsaktivitetar.

Avd Steinbru
Cathrine legg vekt på å skapa god kontakt med kvart enkelt barn, gi barna bekreftande ord og formidle at "eg likar deg". Cathrine har ofte ein god kommentar på lur, det vert ofte mykje tull og tøys rundt ho, det lika me. Cathrine har 1-årig EQ-utdanning.

Avd Steinbru
Mari er sjefen i S-klubben. Hennar kreativitet vert gjenspeilt i alle aktivitetane ho har isaman med barna. Ho gløde for å gi barna læring, opplevingar og erfaringar i naturen. Ho har ein forkjærleik for song og nyttar dette dagleg i sitt arbeid.

Avdeling: Roatoppen.
Matias byrja hos oss i Ølensjøen i januar 2023. På fritida spelar Matias mykje. Her i barnehagen er Matias er energisk og leiken vaksen. Ovanfor barna viser han trygghet og skape lett gode relasjonar til dei han er rundt.
På fritida er Matias aktiv i volleyballmiljøet.

Avd Steinbru
Marie likar å skapa kvardagsmagi for barna. Ho er impulsiv og går gjerne inn i ulike roller. Ved hennar stadig bruk av drama i kvardagen skape ho mykje latter, "galskap" og humor på avdelinga både hjå barn og voksne.
Marie køyrer FUS-bussen vår.

Avd Skukkane
Astrid er ein leikande voksen, ho deltek stadig i rolleleik med barna, samt roller i drama- opplegg. Ho likar også svært godt å gjennomføre ulike formingsaktivitetar isaman med barna. Astrid er opptatt av at alle barna skal ha ein kjekke dag fyllt med kvardagsmagi og latter.

Avd Steinbru

avd Skrubbasteinen
Helga likar å studere naturen. Hennar glede for å studere planter, fuglar og småkryp smittar fort over barna. For barna er det godt å vera rundt Helga, ho er roleg og møte dei på ein varm måte.

Avd Steinbru
Magne er vår entertainer og trubadur. Han har fantastiske samlingar som skape både glede, latter og kvardagsmagi for barna. Magne likar også svært godt å lese for barna.

Avd Joa Kari
Beathe er ein leikande voksen. Ho elskar å vera ute, gå på tur, vera fysisk aktiv isaman med barna. Ho er opptatt av at barna skal utfordrast motorisk, og juble ilag med barna i meistringsøyeblikket.

Avd Joa Kari
Wenche er glødande og skapande isaman med barna. Ho pushe og utfordre barn akkurat passe nok slik at dei utviklar seg i rett retning. Wenche er tydeleg og tolmodig, og møter kvart eit barn på kjensler.

avd Litlehagen.
Liva byrja hos oss i januar 2023. Ho trives godt sammen med dei minste borna i barnehagen. Liva er ein varm , omsorgsfull og trygg vaksen, både ovanfor barn og kollegaer.

Avd Skukkane
Nina er glødande og engasjert i dei minste barna. Ho er særs glad i å dela små øyeblikk, gjerne utan ord- skapa kvardagamagi. Nina er svært raus og rosar både liten og stor.

Sivert er ein av våre trufaste vikarar. Sivert er ein stor favoritt hjå barna, med sitt engasjement og positive aktivitetsnivå blir han automatisk ein favoritt. Sivert likar å spela fotball, både i barnehagen og på fritida.

Avd Litlehagen
Wenke syner eit glødande engasjement ovenfor dei minste. Ho er ein god ladestasjon, ho skape tryggleik som gjer kvardagen god for dei minste. Wenke likar godt å synge isaman med barna.

Avd Litlehagen
Monica synes det er svært viktig å ta seg tid, vera tilstades på gulvet, møta barna på ein varm måte - skapa tillit. Monica bidrar mykje med sin kreativitet og sine kunstneriske evner i det daglege arbeidet med barna.

Avd Skrubbasteinen
Maren er opptatt av livsmeistring og trivsel hjå barna. For å fremje dette nyttar ho mykje tull og tøys som bringe fram latter hjå barna i kvardagen. Ho gløde særs når ho får jobbe med formingsaktiviteter isaman med barna.

Avd Roatoppen
Emelie er opptatt av å hjelpe barna i daglege utfordringar, pushe og samstundes støtte barna. Å sjå gode resultater i dette arbeidet gir ho mykje. Ho likar godt å lese, lage mat og gå på tur med barna.

Avd Skrubbasteinen
Sølvi skape mange gode stunder med barna med gode samtalar. Ho nyttar mykje humor i kvardagen, til stor glede for både store og små. Å le isaman med barna set Sølvi stor pris på.

Avd Skrubbasteinen
Inger brenn for å vera ute i naturen ilag med barna, la barna koma i flyt/flow. Inger skape harmoni og ro med å setja seg ned på gulvet ilag med barna. Desse stundene fyller ho bl.a med mykje song, gode samtalar og boklesing.

Anne Gry er opptatt av å møta kvart eit barn der dei er i si utvikling, samt å styrka deira sjølvkjensle. Anne Gry viser stort engasjement og skapar gode relasjonar til, og rundt enkelt barn. Ho er god på å sjå kvart enkelt barn sitt behov, og styrka barnas ferdigheter og utvikling. Alle avdelingar har gleda av å nytte Anne Gry sine breie erfaringar, kunnskap og støtte.

Odrun har ei unik evne til å bygge gode relasjonar til barn som har det vanskeleg og kjenne på ulike utfordringar i livet sitt. Ho er ein varm grensesettar, skape tryggleik og harmoni i barnegruppene. Ho er tilstades for barna, grip kvart eit øyeblikk med gode samtalar og undring.

For Astrid er det viktig at alle barn blir sett, ho vil vera ein trygg voksen barna kan koma til. Astrid likar svært godt å sitja på gulvet vera aktiv i leik, fange opp barna sine interesser, lese, og ha gode samtalar ilag med barna.