1.CLASS/ Tuning in to kids (TIK)
CLASS bakgrunn.
Barnehageåra er ein viktig periode for barna si følelsemessige utvikling. Barnehagen har derfor ei viktig rolle i å tilrettelegge for utviklinga av barnas evne til å forstå og handtere sin emosjonelle verden og for utviklinga av barnas emosjonelle kompetanse.
Nyare forskning syner at det er relasjonskompetanse til dei tilsette som har betydning for barnas oppleving av kvalitet. Dette tek FUS på alvor og ynskjer derfor å forske på om kompetanseutviklinga til personalet bidrar til høgare kvalitet på den sosioemosjonelle støtta, læringstøtta og organiseringa på avdelinga.
For å kunne måle kvaliteten på relasjona barn-voksen nyttar ein eit observasjonsverktøy som heiter CLASS. (Classroom assesment scoring system).
Sertifiserte CLASS observatør observere voksen- barn relasjon på kvar avdeling, oppsummere observasjonar i ein rapport. Personalet gjennomgår rapport og utarbeider ein handlingsplan for vidare arbeid.
CLASS er forankra i TTI (teaching through interactions). Grunnleggande element i TTI er at ein ser interaksjonen mellom barn og vaksen som ein katalysator for barns leik, læring og utvikling.
Tuning in to kids:
Tuning in to kids (TIK) er enkelt å greit, å møte barn på kjensler. Validere barnas kjensler, forstå , navngi og akseptere kjenslene barna uttrykke. Gjennom TIK byggjer me tilknytning, trygge og gode relasjonar til barna. TIK byggjer på kunnskap om emosjonsrettleiing og korleis me vaksne i barnehagen og foreldre kan være emosjonsrettleiar for barna. Det handlar også om å rettleia, utan å være ettergivande. Me er fleire TIK sertifiserte i barnehagen, og kan rettleie i eit foreldreprogram, om foreldra sjølv ynskjer dette.
2. Eigenleiing i leik og læring.
Eigenleiing er evna til å vera aktiv og sjølvstendig i ei oppgåve over tid. Det vert nytta ein samlebetegnelse for dei overordna funksjonane i hjernen som set igong, styre og regulere adferden vår. Desse funksjonane kan delast opp i det kognitive aspektet som handlar om korleis barnet utnytte sin mentale kapasitet og det sosiale aspektet som handlar om korleis me er isaman med andre. Planlegging, organisering og arbeidshukommelse er eigenskapar som til saman utgjer barnets mentale kapasitet og igongsettingsevner, fleksibilitet, sjølvregulering og sjølvmonitorering er eigenskapar som til saman utgjer korleis barnet er isaman med andre.
Eigenleiing er avgjerande for sosialt samspel, deltaking og medverknad i barnehagen og gode eigenleiingferdigheter kan sjåast i samanheng med tidlege ferdigheter innanfor lesing, skriving og mattematikk. For å gi barna best moglege forutsetningar for vidare skulegong ser me viktigheten av å støtte barna i å utvikle desse ferdighetene. Det er slik at førskulealderen er den perioden der stimulering av eigenleiingferdigheter har størst effekt på hjernen. Rolleleiken er ein av dei beste pedagogiske verkemidlene for å styrke eigenleiing. Derfor verne me om denne type leik og tilrettelegger for at den skal kunne oppstå mest mogleg i kvardagen. Under foreldresamtalen går me igjennom barnets kompetanse innanfor eigenleiing for å isaman kunne setje eit mål for vidare progresjon.