Foreldresamarbeid
Vår viktigaste samarbeidspartnerar er foreldra til barnet. Det er dei som kjenner barnet best og derfor er med avhengig av å ha eit tett og konstruktivt foreldresamarbeid. Ved henting og levering utveksle me positive erfaringar med barna tilstades for å gi foreldra eit inntrykk av korleis dagen har vore, i tillegg til at barnet får positiv merksemd og moglegheit til å delta i samtalen. Dersom det er behov for å snakke om noko som barnet ikkje bør lytte på så set me av tid og rom til dette.
Foreldreundersøkinga som vert sendt ut til alle barnehagar årleg rundt i landet er eit viktig verktøy for oss. Me nyttar resultatet til å sjå på kvalitet me tilbyr på dei ulike områda den tar for seg. Undersøkinga gir foreldra moglegheit til å score oss på ute-og innemiljø, relasjonar, trivsel, informasjon, utvikling, medverknad, tilvenning, skulestart, tilfredshet, henting og levering.
Foreldreundersøkinga for 2021 syner at foreldra er svært nøgde med barnehagen og dette er me stolte av.
Kor fornøyd er du med barnehagen? 4,8 av 5
Informasjonsflyt mellom ansatte og foreldre skapar grunnlaget for at barnehagen skal kunne tilretteleggje for barnets beste. Me gjennomfører minst 2 utviklingssamtalar årleg, der me ser på barnet si utvikling og set framtidige mål isaman. Me har som mål at foreldra skal kunne sjå barnehagen som ein del av familien og at me saman jobbe mot at barnet blir den beste versjonen av seg sjølv. Samstundes har me stort fokus på at barnet byrjar på skulen med dei aller beste forutsetningane for ein lærerik skulegong og at barnet gledar seg til resten av livet.