Rammeplanen seier : "Barna skal lære å ta vare på seg sjølve, kvarandre og naturen. Barnehagen har ei viktig oppgåve å fremje verdier, haldningar og praksis for eit meir bærrekraftig samfunn".
Me i Ølensjøen er oppteken av å være gode rollemodellar , med kunnskap og haldingar om verdier knytt til bærekraftig arbeid. Våre metodar for å fremje bærekraftig utvikling i vår barnehage:
* Formidle haldningar til barna der ein syner omsorg og tek vare på omgjevnadane og naturen rundt oss.
* Gi barna naturopplevingar, slik at barna oppleve tilhørighet til naturen rundt oss.
* Gi kunnskap og forståelse kring kildesortering, plukke søppel, forurensing og gjenbruk.
* Fokus på "frå jord til bord". Kunnskap og forståelse om kor maten vår kjem frå, men også gi kunnskap om maten si verdifulle ressurs og minke matsvinn.
* Me har fokus på å reparere og vedlikeholde leiker og produkter, framfor å kjøpa nytt.
Satsingområdet vårt : "Barnet først" har fokus på å støtte alle barn sin trivsel, læring og utvikling, uavhengig av barnets bakgrunn eller funksjonsnivå. Me i barnehagen skal sikre at alle barn får dei beste forutsetningane for å kunne delta i leik, og oppleva vennskap. Dette er med å skapa eit inkluderande og utviklingsstøttane barnehagar, som vil bidra til sosial utgjevning og eit meir bærekraftig samfunn.