
Velkommen til barnehagen vår! Me vil sørgja for at barnet ditt møter barn og vaksne i ein verden dei oppfattar som trygg, kjekk og utfordrande. Saman skal me utvikla vennskap, og utforska små og store utfordringar som gjer at barnet utviklar seg positivt i den tida me låner det. Leiken har ein framtrendande plass, den stimulerer til eventyrlyst og gir motivasjon til læring. Med FUS-bussen kjem me oss rundt for å oppdaga spanande naturområder, motivere til fysisk aktivitet og få kunnskap om nærmiljøet. Sju avdelingar fordeler seg på eit småbarnsbygg og eit storbarnsbygg. Småbarnsbygget (fire avdelingar) har sitt eige skjerma og tilpassa uteleikeområde på austsida av bygget (mot idrettshallen). Storbarnsbygget blei bygd i 2014 og inneheld bla. tre avdelingar og eit stort og moderne storkjøkken. Elisabeth, kokken vår, sørger for å servere smakfull og næringsrik mat som er viktig for utvikling av ein sunn hjerne og kropp.
Ølensjøen hadde eit gjennomsnittleg nærvær på over 94 % barnehageåra 2017/2018 og 2018/2019: