Barnet sitt første møte med Ølensjøen FUS barnehage skal vera prega av trygg tilknytning og gode rutinar. Barn sitt kjenslemessige band vert utvikla gjennom heile barnehagelivet, men tilvenningsperioden er ein særs sårbar periode. Barna må venne seg til ein ny kvardag, nytt miljø, bli kjent med mange framande mennesker og venne seg til å vera adskilt frå foreldre/foresatte. Ølensjøen FUS har fokus på foreldreaktiv tilvenning i barnehagen. Det er foreldre/føresatte som kjenne sine barn best, og me ynskjer at tilvenninga skal gå så sømlaus som mogleg. Difor ynskjer me å ha lengre dagar med tilvenning, og foreldre er aktiv med for å trygga barnet. Tilsette vil vera tilstades, bli kjend med barnet og skapa relasjon til barnet , men at foreldre/føresatte er den som er tettast på barnet dei fyrste dagane. Foreldreaktiv tilvenning er ofte knytta mest opp til dei minste borna, og me vil gjennom tilvenninga ha god kommunikasjon med føresatte. Her er det barnets behov i fokus.
Vår tilvenning vert praktisert slik:
- Set av god tid til tilvenning for alle barn
- Gir foresatte informasjon om barnehagen sine rutinar for oppstart og tilvenning og bakgrunn for rutinane.
- Invitere alle barn og foresatte til besøksdagar før oppstart
- Har tett dialog med foresatte i tilvenningsperioden
- Gjennomføre ein oppstartsamtale kort tid etter oppstart
- Tilrettelegg for ein trygg og god oppstart uansett når barna byrjar og uansett alder
Dei første dagane anbefale me at foresatt held seg nær barnet og er tilgjengeleg heile tida. For å få ei god tilvenning er det viktig at dykk er aktive med på å introdusera det nye miljøet. Dykk kan gjerne stelle barnet, vera i rommet under leik og måltid.
Etterkvart er det me i barnehagen som overtek ansvaret for ditt barn. Foreldre og kontaktpersonen på avdelinga er i dialog og legg ein plan for korleis tilvenninga for ditt barn blir best mogleg.
Korleis ta avskjed med barnet ?:
Sei ifrå til barnet ditt når du skal gå. Barnet kan bli usikker dersom du "snik" deg ut. Det er viktig at barnet får erfaring med at foresatte/foreldre ikkje går utan å sei hade. Det må vera ein tydeleg avskjed, før dykk kjem tilbake etter ei viss tid. Syner foreldre usikkerheit, vert barnet usikker.
Det er ikkje unormalt at barnet tar til tårene ved avskjed. Det kan oppleves som vanskeleg, både for foreldre og barn, og barnet kan vise tydleg med gråt at mamma eller pappa ikkje skal gå. Vår erfaring tilseiar at gråten stilnar like etter at foreldre er ute av syne. Ring oss gjerne etter at De har gått dersom du lurar på korleis det går med barnet ditt.