Ølensjøen FUS barnehage tilbyr fullkost, barna får alt av mat i barnehagen. Foreldra treng dermed ikkje sende med noko heimefra. Me har eit stort fokus på kva mat me servere barna våre og ynskjer gjerne at foreldra er medverkande i mattilbodet. Når barna er i fysisk aktivitet gjennom store deler av dagen må kroppen ha energi. Barn er små, men skal bli store, dermed må dei ha rett mat slik at kroppen kan vekse basert på gode næringsstoffer. Vårt mål er å skapa matglede gjennom alsidig og sunt kosthold. Hovudet og kropp skal utvikle seg på best mogleg måte, alle små heltar må ha overskudd til leik og læring gjennom heile dagen.
SmartMat retningslinjer:
1. GRØNSAKER. Me servere grønsaker så ofte me kan - både til brødmåltider og varmmåltider.
2. FISK. Me servere rein fisk eller produkter med mest mogleg fisk.
3. KJØTT. Me velge reint kjøtt eller produkter med høgast mogleg kjøttprosent.
4. KORN. Me nyttar næringsrike kornsortar med mest mogleg fullkorn. Me bruke også fleire ulike typar belgfrukter, som til dømes linser og bønner.
5. BALANSERT INNTAK AV FETT. Me nyttar plantefett som til dømes olivenolje og kokosolje, samt meierifett frå smør og ulike melkeprodukter.
6. VATN. Me drikk vatn når me er tørste, og koser oss heller med mindre mengder av anna drikke.
7. NATURLEGE SØTNINGSSTOFFER. Me nyttar naturleg søte ting som til dømes frukt , rosiner og bær. Me har eigne føringar for kva tid me serverer kake/søtbakst/søtsaker, i eit avgrensa omfang.
8. VARIASJON. Me servere varme måltider og andre alternativer til brødmåltidet så ofte me kan, slik at barna får eit meir variert kosthold og nok grønsaker.