S-klubben
I barnehagen samlar me barna som skal byrja på skule i ei eiga gruppe to gonger i veka (tysdag og torsdag). Denne klubben kallar me for S-klubben. (S står for skule).
I S-klubben legg me vekt på å ha eit inkluderande miljø, vennskap, at barna skal bli kjent i gruppa og bli trygge på kvarandre. Barna skal kunne våga å ta ordet og bidra med innspel og idear. Me ynskjer å bygge barna innanfrå, slik at dei får ei god sjølvkjensle.
S-klubben har fokus på lekbasert læring. Barna skal lære gjennom sansing, kroppen, opplevingar og erfaringar. Derfor dreg barna mykje på tur i skog og mark og bestig gjerne nokre nutar også i nærområdet.
Barnehagen får årleg tilskot frå Fylkesmannen til symjeopplæring. Det blir fokusert på barna sine ferdigheter og bruk av øvingar for å få dei tryggare i vatn, samt å vidareutvikla vanntryggleiken og flyteteknikkar. Målet med opplæringa er at barna skal bli betre til å symje på sikt, tiltaket skal sørga for at barna blir tidleg trygge i vatn.