Vis alle
Anette Berg Leiren
Dagleg leiar m/bachelor i interkulturell forståing
Kontor
Anette er ein trygg leiar som set retning! Ho er grundig i arbeidet sitt og imøtekomande mot alle. Ho stiller krav til dei tilsette og tek vare på alle. Ho er ikkje redd for å ta tak i ting og handla nå trengs. Det er viktig for ho å ha god kjennskap til kva som skjer ute på avdelingane. Anette er ein dagleg leiar som involverer seg, og som gjerne tar fram gitaren og syng saman med barna på avdelingane.
Kjersti Eide
Pedagogisk leiar, Ressursperson Pre-K og CLASS-observatør, Verneombud
Fjell/Måneklubben
Kjersti møter både store og små på ein trygg og roleg måte, og er god på å engasjere barna i samling og lesestunder, der ho gjerne nyttar det imponerande repertoaret av eventyr og songar ho kan på rams. Kjersti er ein dyktig pedagog som er oppteken av leik og korleis ein best kan støtta barna i god sosial komptetanse. Kjersti ynskjer at alle barna som går i Sandven FUS skal bli proppa av gode opplevingar og sosial kompetanse, slik at dei seinare er betre rusta for livets utfordringar.
Vaida Brazdzionyte
Pedagogisk leiar + vidareutdanning i rettleiing
Fjell/Måneklubben
Vaida er ei kreativ dame, og har alltid mange spanande idear innan kunst og forming som barna får utfalda seg i. Vaida er i tillegg oppteken av kjenslelivet til små barn, og møter alle barn og deira kjensler på ein god og open måte. Ho likar å utforske små og store ting i livet saman med barna, og ho møter barna som ein positiv og engasjert vaksen. Vaida ynskjer at alle barna som går i Sandven FUS skal bli møtt på alle kjenslene sine, og bli trygge og sterke individ.
Mona Kleiven
Barne- og ungdomsarbeidar og ekstraressurs, Tillitsvalt i Fagforbundet
Fjell/Måneklubben
Mona er opptatt av å sjå alle barn og at dei alle skal ha det bra. Ho er trygg vaksen og møter små og store med eit smil. Ho er ein tilstadeverande vaksen som brenn for leikbasert læring. Mona set ofte i gang kjekke aktivitetar, ofte med fokus på språk, både ute og inne. Mona jobbar også med å skape gode relasjonar mellom barn-barn og barn-vaksen. Mona ynskjer at alle barna i Sandven FUS skal ha det trygt og godt, få leika med vennane sine og at dei skal vera trygge i seg sjølve.
Thor-André "Totto" Mjåtvedt
Barne- og ungdomsarbeidar, Brannvernleiar
Fjell/Måneklubben
Totto er eit kreativt multitalent. Han kan saman med barna laga alt frå musikkvideoar til gapahukar. I tillegg er han, med sine teikneferdighetar, ei viktig brikke for utviklinga og interessa hos gutar og jenter innan teikning i barnehagen. Totto er tydleg vaksen, som vil hjelpa barna til å bli sjølvstendige, trygge i seg sjølv og læra seg å ta kloke val. Totto ynskjer at alle barna som går i Sandven FUS skal vera mest mogleg rusta for framtida etter barnehageåra hos oss.
Sarah Vailoces Rosseland
Barnehageassistent
Fjell/Måneklubb
Sarah er akkurat ferdig med VGS, og skal jobba hos oss framover som assistent. Ho er ei sprudlande, morosam, positiv og lærevillig jenta. Sarah tek utfordringar på strak arm, og har blitt godt kjent med oss på kort tid. Ho har god kontakt med barna, og er opptatt av den gode samtalen mellom vaksen og barn. Sarah er kreativ og liker godt å holde på med kunst- og handverk saman med barna. Sarah ynskjer at alle barna som går i Sandven FUS skal oppleva tryggleik, omsorg og ha det moro i kvardagen.
Kristina Steine
Pedagogisk leiar, vidareutdanning i Barns språk og språkutvikling.
Fjell/Firkløver
Kristina er avbalansert, trygg, kreativ og viser stort engasjement for jobben sin. Ho brenn for leikens eigenverdi. Ho er oppteken av relasjonar mellom barn-barn og barn-vaksen, og korleis me kan skapa gode og varierte dagar i barnehagen. Kristina jobbar for at alle skal kjenna at dei er inkludert i eit godt og stort fellesskap. Kristina ynskjer at alle barna i Sandven FUS skal ha ei god sjølvkjensle, føla seg verdifulle og kjenne seg trygge på kven dei er.
Stine Venset Liland
Barne- og ungdomsarbeidar
Fjell/Firkløver
Stine brenner for å skape sunne og varierte måltid i barnehagen, og på tur der barna er deltakande. Saman med Stine er barna med på å lage maten frå botnen av, og lærer kva mat som er bra for dei. Stine er ei song -og bokglad-dame, som syng og les med barna både inne og ute. Stine er opptatt av at barna skal vera i rørsle, og skaper kjekke rørsle-aktivitetar ilag med barna . Stine ynskjer at alle barna i Sandven FUS skal kjenna seg trygge og at dei skal ha det kjekt i barnehagen.
Salih Saglwia
Pedagogisk leiar
Fjell/Jordbær
Han er alltid i godt humør og møter alle med eit stort smil. Salih er godt likt av store og små, og hans utstråling gjer han til ein populær leikekamerat på tvers av avdelingane. Dette skaper mykje glede hos barna og inspirerer dei til god leik i saman. Han er oppteken av sosial kompetanse og at barna skal bli sjølvstendige individ. Han er ein tolmodig og trygg vaksen som rettleiar barna i kvardagen. Salih ynskjer at alle barna i Sandven Fus skal oppleva gode og meiningsfulle år i barnehagen.
Anita Rogde
Barne- og ungdomsarbeidar
Fjell/Jordbær
Anita er opptatt av å sjå alle barn og kvart barn sitt behov. Anita er imøtekommande og skaper god kontakt med foreldre, då ho gjerne deler små og store glimt frå barnas kvardag med dei føresette. Ho er oppteken av leik i naturen, musikk og dans, og aktivitetar innan kunst og handverk. Anita ynskjer at alle barna i Sandven FUS skal bli sett i kvardagen og få dekka sine behov i saman med trygge vaksne. Ho håpar at alle barn ser tilbake på tida i Sandven Fus som ei fin barnehagetid.
Hanne Brit Aase
Barne- og ungdomsarbeidar, Buss-sjåfør
Fjell/Jordbær
Hanne Brit er glad i friluftsliv, og brenn for at me skal bruka kroppane våre året rundt. Ho er ei tydeleg og tolmodig dame, som har ein eigen ro over seg. Hanne Brit har også sertifisering innan yoga for born (YoBa), og barna får nyta gode rolege stundar saman med ho. Hanne Brit er ein god lyttar samstundes som ho rettleiar barna til å bli sjølvstendige. Hanne Brit ynskjer at alle barna i Sandven Fus skal få koma seg ut på bussturar og få nye opplevingar saman.
Kelsey Rose Rykkje
Fagarbeidar
Fjell Jordbær og Fjord/Blå
Kelsey er ei smilande og likanes dame med ein trillande latter og mykje humor. Ho har mykje omsorg for andre, og har alltid eit godt fang for dei som treng trøyst eller litt ekstra kos. Kelsey er oppteken av å skape ein aktiv kvardag for barna, som kan vera med å skape eit sunt og friskt liv for dei. Ho er også oppteken av å skape god kontakt med barna gjennom samtalar og leik. Kelsey ynskjer at alle barna i Sandven Fus skal kjenna seg trygge og huske tilbake på ei fin tid i barnehagen vår.
Anny Rykken
Pedagogisk leiar
Fjord/Grøn
Anny er oppteken av dei små magiske augeblikka i kvardagen. Det er viktig for Anny å sjå kvart enkeltbarn for den dei er, og kunne skapa fellesskapskjensle og vennskap hos barna. Å vera nær barna og kunne sjå meistring og utvikling hos dei, er noko Anny set stor pris på i jobben din. Anny ynskjer at alle barna i Sandven FUS skal få utvikle sjølvkjensla si, slik at dei får kjenne meistring både åleine og saman med andre.
Hege Larsen
Pedagogisk leiar m/vidareutdanning innan forming + sertifisering innan yoga for born (YoBa)
Fjord/Grøn
Hege er oppteken av dei minste barna i barnehagen, og ynskjer at alle små som byrjar skal få ein trygg og god start som igjen vil skapa eit solid fundament for vidare læring og sosialisering. Hege likar å male og skape magi på arket saman med barna. Ho synes det er viktig at barna blir trygge i eigen kropp samtidig som dei blir utfordra på nye rørsler. Hege ynskje at alle barna i Sandven FUS skal bli trygge i seg sjølv, gode og respektfulle mot kvarandre og nysgjerrige på resten av livet.
Randi Dalen Halvorsen
Pedagogisk leiar, Tillitsvalt i Utdanningsforbundet
Fjord/Grøn
Randi har alltid eit ledig fang for dei som treng det. I fanget hennar kjenner barna seg trygge og godt ivaretatt. Randi er også veldig glad i song, og syng ofte med barna. Ho er oppteken av at alle barn skal bli sett og at barna skal oppleva tryggleik rundt seg. Det er også viktig for Randi at barna skal utvikla sitt tydlege “eg”, samtidig som dei kjenner seg som ein del av fellesskapet. Randi ynskjer at alle barna i Sandven FUS skal få oppleva, erfara, og utforske verda saman med oss vaksne.
Elin Aarsand
Barnehageassistent og barnehagelærar på disp.
Fjord/Grøn
Elin er oppteken av at alle barn skal ha det trygt og godt i barnehagen. Ho er ein omsorgsfull vaksen som ser og bryr seg om barnas behov. Elin har eit godt fang å tilby for dei som treng ekstra trøyst eller ro. Ho er roleg og imøtekommande med barn og føresette. Elin likar godt å ta med barna ut på tur i nærmiljøet, både på gå og trilletur. Elin ynskjer at alle barna i Sandven FUS skal få oppleve meistring, danna gode venskap og få nye spennande opplevingar i kvardagen.
Gerda Tiliuviene
Barnehageassistent
Fjord/Grøn
Gerda er utdanna husholdningsøkonom i Litauen, men jobbar no hos oss. Gerda er ei smilande, roleg og driftig dama. Ho likar å leike og samtale med barna. Gerda er ein observant og tilstadeverande vaksen rundt barna. Ho likar godt å holde på med formingsaktivitetar og vera kreativ saman med barna. Gerda ynskjer at alle barna i Sandven FUS skal lære noko nytt kvar dag, og at alle barn skal vera trygge og lykkelege i barnehagen.
Christelle Longo
Barnehageassistent med kompetansebevis i barne- og ungdomsarbeidarfaget
Fjord/Grøn
Christelle er alltid smilande og glad! Ho er hjelpsam og alltid på tilbodssida. Christelle er oppteken av å lære barna grenser, vente på tur og lære dei kva som er rett og gale og at dei skal læra seg å samarbeida. Ho likar godt å vera ute ilag med barna, og ta dei med på tur i nærmiljøet. Ho ynskjer at alle barn skal få bruka kroppen sin og vera aktive gjennom dagen. Christelle ynskjer at alle barna i Sandven FUS skal vera leikande og fantasifulle.
Sitthipon "Beam" Sa-nguansitthikul
Barne- og ungdomsarbeidar
Fjord/Grøn
Beam er utdanna barne- og ungdomsarbeidar, og er eit nytt tilskot i personalgruppa vår. Han likar godt å jobbe i barnehage, og likar at alle dagar er ulike! Beam er oppteken av at barna skal utvikle seg og få ei god sjølvkjensle. Han er smilande og ein populær leikekamerat for barna. Han har også eit godt fang for dei som måtte trenga trøyst og omsorg i kvardagen. Beam ynskjer at alle barna i Sandven FUS skal kjenna seg trygge, vera i utvikling og skape gode relasjonar seg i mellom.
Anetta Sawicka
Pedagogisk leiar
Fjord/Blå
Anetta er ein varm og omsorgsfull person som likar å fylle dagane med latter, humor og glede. Ho er oppteken av leik og fysisk aktivitet der barna får utvikla motoriske ferdigheiter. Anetta er også glad i song og musikk og bruker det aktivt i kvardagen med barna. Anetta ynskjer at alle barna i Sandven FUS skal ha dagar fulle av spanande leik saman med andre barn, i ein positiv atmosfære prega av empati og gjensidig respekt.
May Helen Skutlaberg Trones
Pedagogisk leiar, Assisterande dagleg leiar, CLASS-observatør Toddler
Fjord/Blå
May Helen er oppteken av at barna skal kjenna seg trygge i barnehagen. “Utan tryggleik, ingen utvikling” seier May Helen. Det er viktig for May Helen å gi barna nok tid, spesielt for dei minste. Noko av det May Helen liker godt med jobben, er dei ærlege og spontane tilbakemeldingane frå barna. May Helen ynskjer at alle barna i Sandven FUS skal kjenne tilhøyrsle til, og gle seg til å gå i barnehagen. Ho ynskjer å bygge robuste og trygge barn som er klare til å møte livet.
Kristina Åkre
Barnehageassistent, Buss-sjåfør
Fjord/Blå
Kristina er ein engasjert, positiv og roleg vaksen. Ho er oppteken av at alle barn skal kjenna seg trygge, sett og verdsett. Kristina ynskjer at barna skal oppleva meistring og gode vennskap. Ho likar å leika saman med barna, fortelja eventyr og vera kreative saman. Kristina syns det er spanande å følga med på barna si utvikling, og å vera ein støttespelar når barna går gjennom ulike fasar i utviklinga si. Kristina ynskjer at alle barna i Sandven FUS skal ha ein trygg og god kvardag.
Rattana Tjosaas
Barnehageassistent
Fjord/Blå
Rattana er roleg, og har alltid tid til kos og trøyst til den som treng det. Ho er oppteken av at alle barna skal ha det bra, at dei skal få god omsorg, bli sett, og vera trygge. Rattana liker godt å vera saman med dei minste. Ho likar å leika, synga og dansa med barna. Rattana møter kvart barn med eit varmt smil og interesse, og både barn og føresette kjenner seg sett i møte med ho. Rattana ynskjer at alle barna i Sandven FUS skal kjenna seg trygge, og gleda seg til å koma i barnehagen.