OVERGANGAR OG TILVENNING
Når barnet begynner i barnehagen, skal personalet sørgje for tett oppfølging den første tida, slik at barnet kan oppleve tilhøyrsle og føle at det er trygt å leike, utforske og lære. (Rammeplan: 33) I Sandven FUS ynskjer me å gje alle nye barn ein best mogleg start anten dei er små eller store når dei begynner hos oss. Me legg opp til ei tilvenning med utgangspunkt i alderen på barnet og om det har gått i barnehage før. Kvart barn har sin primærkontakt og sin pedagog som har ansvar for tilvenning og oppfylging i tida etterpå. Med ei tilvenningstid som gradvis gjev barnet meir tid i barnehagen utan foreldra, ynskjer me å trygge både barn og foreldre. I forkant av overgangen frå Fjord til Fjell prøver me å trygge barna på den nye basen før dei begynner der. Dei får leike på Fjell når Fjell-barna ikkje er tilstades, og ein av dei vaksne på Fjell som skal vera i lag med dei til hausten hospiterer litt på Fjord før sommaren.
SAMARBEID BARNEHAGE/HEIM
Samarbeidet med foreldra er viktig for å skape eit godt og heilskapleg tilbod kring barna. Den daglege kontakten ved henting og levering er viktig i kvardagen. Der skal personalet fortelje litt om korleis barnet har hatt det i barnehagen, og foreldra kan fortelje korleis barnet har det heime og om dagsform. Ein god dialog er viktig for samarbeidet mellom foreldra og barnehagen. Det er to faste foreldresamtalar i året. På haustsamtalen er det foreldra som fortel mest om livet og kvardagen kring barnet, og kva forventningar dei har til det komande barnehageåret. På vårsamtalen er det meir fokus på barnet si utvikling og trivsel i barnehagen. Dersom barnehagen eller foreldra ynskjer, er det høve til å avtale samtalar utover dei faste. Me har minst to foreldremøte kvart barnehageår for heile foreldregruppa. Eit av foreldremøta er eit tema-møte. Me kan også tilby foreldrerettleiing i grupper gjennom programmet Tuning in to Kids. Storparten av den skriftlege kommunikasjonen mellom barnehagen og heimen går gjennom informasjonskanalen MyKid. Det er her foreldra skal melde inn fråvær, ferie og anna informasjon barnehagen skal ha. Her finn ein og alt av informasjon frå barnehagen som dagen i dag, nyheitsbrev, periodebrev, innkalling til foreldremøter, grovplan for veka Kvar vår har Måneklubben 5 “Hjartetreff” der me tek opp ulike tema som berøringar, kjensler, mobbing, løyndomar og kroppen. med meir. Samarbeidsutvalet (SU) består av to representantar frå personalet i barnehagen, to foreldrerepresentantar og styrar. SU har møte minimum to gongar i året. Alle foreldre og tilsette kan melda inn saker til SU gjennom året