FUS SMARTMAT - FOR MATGLEDE OG GODE MATVANAR
Kjenner du lukta av nybaka brød om morgonen?
Gjennom erfaring og forsking har FUS utvikla eit eige matkonsept. FUS SmartMat er basert på eit variert kosthald med gode, reine råvarer. Me er opptekne av kva byggeklossar kroppen treng for å sikra at hjernen og kroppen fungerer optimalt, slik at barna har nok energi til og leik og læring over tid.
FUS SmartMat skal fremja matglede hos barn. Gode opplevingar rundt måltida vil vera med på å bidra til matglede og gode matvanar for barna i FUS. Me skal ha trivelege måltid og god tid. Måltida er viktige sosiale og pedagogiske læringsarenaer hos oss. Medvetne vaksne bidreg med læringsstøtte slik av barna blir sett og høyrd. Me legg til rette for kontakt, turtaking og samtale, utvikling av omgrep og ei positiv oppleving rundt måltidet. Barna deltek aktivt i matlaginga både ute og inne.
Det er kjekt når me lagar mat ute på bål, i grillhytta og på bålpanna. Barna tek del i førebuing av måltida, og når me har laga maten sjølv og et den i godt fellesskap saman med andre ute i frisk luft, smakar den ofte ekstra godt.