KUNST, KULTUR OG KREATIVITET
Kunst, kultur og kreativitet er barnehagens sin profil, og ein god innfallsvinkel til å inkludera alle fagområda i rammeplanen i tverrfagleg arbeid. Dei estetiske faga er eit godt utgangspunkt for til dømes språkutvikling, kroppsleg medvit, leik og utvikling av sosial kompetanse.
Barnehagen skal bidra til at barna får opplevingar som vekker ulike kjensler, samt gje høve til å uttrykka seg estetisk ut i frå eigne føresetnader.
Barnehagen skal bidra til at barna får gjera seg ulike erfaringar og oppleva glede og meistring ved å uttrykka seg gjennom estetiske fag. Me vil styrka barna sin kulturelle identitet og personlege uttrykk. Barna omarbeider inntrykk og opplevingar, og tek på den måten i bruk fantasi, kreativ tenking og skaparglede. Dei utviklar evna si til å kommunisera og gjera seg forstått, og dei får oppleva meistring både på personleg og sosialt plan.
Me er heldige som har ein pedagogisk leiar som har kunst som sitt fagfelt. Barna lærer mykje gjennom profilen vår, og me ynskjer å synleggjera kva me jobbar med i nærmiljøet. I tillegg til utvikling av eigne prosjekt, nyttar me ulike kulturelle tilbod i nærmiljøet, som t.d. biblioteket, Kabuso, Hardingtonar, kulturskulen, kyrkja og Fartøyvernsenteret.