Sandven FUS barnehage ligg sentralt plassert i Norheimsund, og rommar ca. 85 barn. Me set barnet fyrst og har fokus på leik! Hos oss vert kvart enkelt barn sett! Gjennom kreative fag får borna undra seg, utfalda seg, og utvika kreativitet og fantasi og heile seg! Dei vaksne i vår barnehage er glødande, skapande og tilstadeverande!
Barnehagen sin profil er kunst kultur og kreativitet. Kunst, kultur og kreativitet er ein god innfallsvinkel til å inkludera alle fagområda i tverrfagleg arbeid, og profilen er eit godt utgangspunkt for leik og utvikling av sosial kompetanse.
Me i Sandven FUS barnehage er også opptekne av friluftsliv, og er på turar kvar dag. Barnehagen ligg nær både skog, sjø og sentrum, og har mange spanande turplassar i nærleiken. Ver med oss til Slangetreet, Gullfossen eller Eikeskogen, - eller på skitur på Sjusete! Me har eige minibuss!
Sandven FUS barnehage har eige verkstad og eiga grillhytta, og gapahuk i skråningen ved barnehagen.
Frist for å søkja barnehageplass innan hovudopptaket er 1.februar: