BEREKRAFTIG UTVIKLING
Me plukkar boss, kildesorterer og har eigen kompost. Me nyttar naturen til turar og aktiviteter og er opptekne av at det alltid skal vera fint etter oss når me går.
Berekraftig utvikling er å ta vare på seg sjølv, kvarandre og naturen og jorda vår. Deter viktig at alle menneske får dekt sine grunnleggande behov utan å øydelegge framtidige generasjonar sin sjanse til å få dekka sine behov. Barnehagen skal bidra til at barna kan forstå at handlingar i dag har konsekvensar for framtida. Jorda vår treng fokus på berekraftig utvikling, og det er vår felles interesse å ta vare på den. Barneahegn skal fremje verdiar, haldningar og praksis for eit meir berekraftig samfunn. Barna skal få erfaring med å gje omsorg og ta vare på pmgjevnadene og naturen. Barnehagen skal ge bara naturopplevingar, og la barna bli kjend med mangfaldet i naturen. På denne måten får barna kunnskap om kva me får og kva me kan gje tilbake til naturen.