FRILUFTSLIV
For oss i Sandven FUS barnehage er uteliv ein viktig del av kvardagen. Me vil gje barna gode opplevingar og erfaringar i uterommet, og flettar saman friluftsliv og estetiske fag. Alle gruppene på Fjell har minst ein turdag i veka, og generelt er alle grupper på huset mykje ute. Me har eigen minibuss som begge basane disponerer. Bussen gjer det lettare for oss å utforska nye stader og faste stader som ligg eit stykke unna. Me har fleire faste turplassar som me nyttar som ligg i anten gåavstand eller bussavstand frå barnehagen, som t.d. Slagetreet, Flyplassen, Sjusete og Eikeskogen. Nokre turar treng me bussen for å nå, andre kan me nå til fots. Når turstadene er kjende for barnaveit dei kva staden kan gje dei av leik og glede, og når den er ukjend kan dei få nye opplevingar, utfordringar og inntrykk.
Flyplassen i Tolomarka har me utvikla til å bli ein fin stad å besøka for både oss og andre. Ta dykk gjerne en ettermiddagstur eller søndagstur dit saman med barna!
Me har ei flott grillhytte rett ved barnehagen, der kan dei minste også gå. det gjev stor mestringskjensle for eittåringane å oppleve tur og lunsj ute. Grillhytta brukar me som base for ulike grupper kvar dag. Her er eit fint leikeområde, det er gode mogelegheiter for å laga mat på bål og me er nær barnehagen. Etterkvart som barna vert eldre utfordrar me dei meir og meir på å gå i ulent terreng. me er opptekne av å ha tid til alle, og legge tilrette for at alle skal få oppleva meistring og glede på tur.