NULLTOLERANSE MOT MOBBING
Barnehagelova §41-43 skal sørge for at alle barn får ein trygg og god barnehagekvardag. Om ein vaksen veit om eller trur at eit barn vert mobba, plaga eller på andre måter ikkje har det bra, skal hen alltid:
Gripe inn og stoppe krenkinga med ein gong.
Sei ifrå til styrar i barnehagen
Undersøka kva som er skjedd.
Setja inn tiltak, og laga ein plan for å sørge for at barnet får eit trygt og godt barnehagemiljø.
Barnehagen skal ha nulltoleranse mot mobbing og skal driva førebyggjande arbeid for å fremja eit godt psykososialt barnehagemiljø. Alle som arbeidar i barnehagen skal følga med på korleis barna i barnehagen har det, og har plikt til å sikra at barnehagen har eit trygt og godt psykososialt barnehagemiljø (aktivitetsplikt). Me har også skjerpa aktivitetsplikt dersom ein tilsett krenker eit barn. FUS-barnehagene har ein egen handlingsplan for å fremja trygt psykososialt barnehagemiljø og førebygga krenkingar og mobbing i barnehagen.
Det er viktig at du melder frå til barnehagen dersom du oppdagar at ditt eller andre sitt barn blir mobba eller av andre grunnar ikkje har det bra i barnehagen. Om eit barn i barnehagen opplever å bli mobba eller utestengt frå leiken, må barnehagen følgje opp dette. Dette plikter barnehagen å gjøre.
Sandven FUS barnhage har ein handlingsplan for fremming av trygt psykososialt barnehagemiljø, og førebygging av krenkingar og mobbing i barnehagen. Denne handlingsplanen, powerpoint frå foreldremøtethaust 2022 om nulltoleranse mot mobbing og informasjon om mobbeombodet i Vestland finn du under dokumenter på framsida.