Me er ein liten gjeng med toåringar og tre vaksne som skal leika ute på dei store barna sitt uteområde. Her er god plass og mykje å utforska. Barna går til toget, til skuta med rutsjebanen, til traktordekket i skogen og til reilene. Me vaksne følgjer etter og prøver støtte dei i utfordringane dei møter. Me stopper også opp for å reflektera over kor barna møtes og er saman, i samhandling der dei må kommunisera. Jo, litt på toget, litt i skuta der dei hjelper kvarandre opp for å rutsja og inne i leikehytta i sanden.
Me er ein liten gjeng med toåringar og tre vaksne som skal leika ute på dei store barna sitt uteområde. Her er god plass og mykje å utforska. Barna går til toget, til skuta med rutsjebanen, til traktordekket i skogen og til reilene. Me vaksne følgjer etter og prøver støtte dei i utfordringane dei møter. Me stopper også opp for å reflektera over kor barna møtes og er saman, i samhandling der dei må kommunisera. Jo, litt på toget, litt i skuta der dei hjelper kvarandre opp for å rutsja og inne i leikehytta i sanden.
Formålsparagrafen vår trekk fram eigenverdien fellesskapet gjev, og det er grunn nok for å setja arbeid med fellesskap i fokus. Alle barna er ein del av eit fellesskap i barnehagen. Alle som kjem i barnehagen er del av eit organisatorisk fellesskap, eit fellesskap der ein er saman innanfor eit fysisk område. Me traktar derimot etter at alle barna også skal vera del av eit intersubjektivt fellesskap der samhandling og kommunikasjon er nødvendig.
Vennskap og fellesskap har fått si eiga overskrift i Rammeplanen for barnehagen sitt innhald og oppgåver (Kunnskapsdepartementet, 2017). Her vert det tydeliggjort at barna skal få erfaringar med å vera ein viktig del av eit positivt fellesskap. Her vert det også trekt fram at sosial kompetanse er noko som både er ein føresetnad for samspel, men også noko som vert utvikla gjennom sosialt samspel. Barnehagen må av den grunn leggja til rette for å utvikle vennskap og sosialt fellesskap, støtte opp om barna sitt initiativ til samspel og sørge for at alle skal få moglegheit til leik med andre, oppleve vennskap og lære å halde på venner. For å få til leik og oppleve vennskap er ein avhengig av erfaringar med å vera ein del av eit intersubjektivt fellesskap.
Med kunnskapen om kor viktig det er for barna å vera ein del av eit fellesskap, vert også fokuset vårt å skapa gode fellesskap i gruppa. Dette syns me ofte me klarer i inneleiken, men kva med uteleiken? Korleis kan me få til meir av gode samspelserfaringar i gruppa i utleiken? Me leiter etter gode erfaringar. Men så blir syklane tatt ut. Eg som vaksen tenkjer at dei store syklane er alt for store for disse på to år. Heldigvis stopper me ikkje barna frå ei anna gruppe i å ta dei ut. Me ser brått at nettopp disse store syklane gjev ei verdifull stund på uteleikeplassen.
Etter å ha utforska området ei stund samlast først to barn på den eine sykkelen. Eitt av barna set seg framme og det andre setter seg bak, men dei kjem seg ingen vei. Den som styrer prøver å gå av for å skubba, men utan hell… Hjulet står heilt på tvers. Ein vaksen spør om ho som står bak sykkelen kan spør eit barn som står og ser på, om han vil styra. Ho gjer det. Han smiler og skundar seg for å styra. No går det på fram heilt til han går av sykkelen og seier «skubba». Han går bak og vil ha plass til å skubba. Jenta som har sete i «baksetet», snur seg og ser på dei to bak før ho set seg fram på sykkelen. Ho vil styra. Men bakerst er det litt trongt når to vil skubba. Jenta seier at guten må gå vekk, men han gjev seg ikkje. Han tar tak i stanga og gjentek «skubba». Jenta gir så plass og tar tak lengre borte på stanga bak på sykkelen. No er det plass til begge. Det kjem nok ei jenta bort til den store sykkelen. Ho set seg i baksetet utan å seia noko.
No går det på fram. «Skubba, skubba» seier dei to bakerst i kor. Jenta fremst ser rett fram og held hardt i styret. No kjem det nedoverbakke. Den vaksne held litt i sykkelen slik at det ikkje går for fort. Dei kræsjer i bordet nede på flata (utan for stor fart). Jenta framme ler høgt. Dei andre jentene ler høgt. Guten ser på den vaksne og seier «OI». Sykkelen står fast att og dei må finne ut av korleis dei kan få han laus. Barna er ivrige i å byte plassar og prøver seg fram. Dei kommuniserer både verbalt og kroppsleg, i høg grad. Dei er litt usamde, men finn ut av korleis dei kan løysa ting saman likevel. Når alle har byta plass, seier guten som no sit framme ved styret: «DRA»!
Me vaksne er både imponert og stolte! Her fekk både barna og me vaksne ei erfaring som me kunne ta med oss vidare i arbeidet vårt. Barna har fått ei erfaring om korleis dei kan få til noko i samhandling med andre. Me vaksne har fått erfaring med at leik med store gjenstandar kan skape kommunikasjon og samhandling mellom barna. Ved at me ser og observerer barna og legg til rette for slike stunder, får barna gode erfaringar med å vera saman om noko. Kva om me ikkje var tett på og avventande her? Kan det hende at me hadde sett grenser som hadde hindra barna verdifull erfaring med å vera i eit intersubjektivt fellesskap?
Det er normalt at noen barn gråter ved levering i barnehagen den første tiden. Som foreldre kan dette være vanskelig, men husk at barnet gradvis vil bli tryg...
Mange av dere har nok opplevd det – du er sliten etter en full dag på jobb, regnet pøser ned ute og det eneste du vil er å slenge deg ned på sofaen. Men førs...
Kjære deg som har valgt å jobbe i barnehage. Du som jobber i nær relasjon til både barn og andre voksne. Du som vet hvor viktig det er å bidra til trygghet o...
Foreldre - tør å være foreldre! Med denne uttalelsen kan jeg kanskje erte på meg noen, men jeg tar likevel sjansen. Det jeg sikter til er barn og grenser.
I disse dager er det flere barn som venner seg til å gå i ny barnehage. Kanskje de har startet for aller første gang, eller begynt i en ny barnehage med helt...
Du sitter på lekeplassen med barna dine, to naboer og deres barn. Dere har hengt sammen siden dere var i barselgruppe sammen, og bor i ett område med mange a...
I dagens samfunn ser vi en økende trend om å synliggjøre hverdagstematikk om barn, og vi som jobber i barnehage har mye erfaring og kunnskap på hva som skape...
Hvordan velge barnehage til barnet ditt? Valg av barnehage er en viktig avgjørelse, som kan ha stor betydning for barnets utvikling, helse og trivsel. Det å...