Loading...
VELKOMMEN TILBAKE! Nå skal vi endelig leke, hoppe, løpe og herje sammen igjen: ) Nære, men med avstand. Vi følger selvfølgelig Folkehelseinstituttets smitteveileder og holder oss i mindre grupper med god hygiene. Vi gleder oss!
LITEN EG, NEI LANGT I FRÅ!

LITEN EG, NEI LANGT I FRÅ!

Den siste tida har det meldt seg eit behov hos meg - eit behov om å rette opp att i korleis ein 1-2 åring har det i barnehagen. Det har vore mykje i media om 1- åringen er klar for å byrje i barnehagen eller ikkje, for få vaksne og høge stresshormon hos dei yngste.

Anita Pedersen, pedagogisk leder i Hektneråsen FUS barnehage

Når det er sagt, er det ingen tvil om at tilstrekkeleg bemanning med gode, forutsigbare og stabile vaksne som har tid til å sitte på golvet med barna, og er tilstadeverande er ein grunnleggjande faktor for å skape trygge barn. Tilvenningstida er viktig, og i min barnehage er det barnet som bestemmer tempoet. Nokon brukar lang tid, andre kortare tid på å bli kjent med primærkontakten sin, dei nye omgjevnadane og ikkje minst gje slepp på mor og far sin trygge famn.

Etter nær 15 år som pedagogisk leiar i barnehage, dei siste 6 på småbarnsavdeling, har eg latt meg djupt fasinere av 1-2 åringen. Mang ein gong har eg blitt spurt om, eller det har vore forutinntatt at å jobbe med dei yngste barna handlar om snor-tørking og bleieskift. ”Det er jo ikkje så mykje eitt-åringen kan gjere, sitte på golvet og pludre litt”.

No vil eg at du tar på deg mine briller og blir med inn i min kvardag, for er det nokon som kan, så er det 1-2 åringen.

For det første har vi med ein superekspert i å observere å gjere. Med trill runde auge og haukeblikk blir dei minste bevegelsar, uttrykk og sinnstemningar plukka opp. Har du mista noko på golvet, og det kjennast ut som å leite etter ”nåla i høystakken”, sett 1-2 åringen på saken.

Kvar haust let eg meg imponere over kor raskt barna lærer seg kva dør/retning ein skal bevege seg i for anten å ete, skifte bleie eller gå i garderoben, og hos oss er dette tre ulike dører. Nå er det stor variasjon om eitt-åringen går eller krabbar, men oftast like ivrig kjem barna når nøkkelorda som tildømes ”kom skal vi ete” eller ”kom skal vi gå ut” vert sagt. Det er så herleg å sjå forventinga og gleda i auga deira når dei får vere med eller noko skal skje. Og når det gjeld det å forstå kva vi vaksne seier, er det ganske så fasinerande. Ved 18-månadersstadiet kan eit gjennomsnittleg barn produsere kring 50 ord, og forstå over 200 ord. I løpet av eitt til to års alderen aukar ordforrådet raskt, og i gjennomsnittet kan ein 2-åring seie rundt 300 ord. (Artikkel; ”Så mange ord skal barnet ditt kunne” av Marthe Færø). Læringskurva er stupbratt, og med tanke på all kunnskapen dei tileignar seg dei første leveåra kan det gå rundt for kvar og ein av oss.

Om du legg forholda til rette for dei yngste barna vil du få ein respons uansett kva du spør om eller oppfordrar til. Til dømes så enkelt som kva barnet vil ha på brødskiva, eller kva leike han eller ho ønskjer. Men du må vere tilstades og vente på svar, det kan for eksempel vere eit raskt rynk mellom augebryna, ein lyd eller armar som stekker seg fram. Mange barn godtar nok det som vert lagt framfor seg, men du kan verte positivt overraska om du legg deg til ein vane å spørje først.

Ein kan ikkje skrive om 1-2 åringen utan å kome inn på meistring og meistringskjensle. Eg blir varm langt inn i hjartet når eg tenker på alle dei magiske gongane eg har fått ta del i ein 1- 2 åring sin meistringskjensle. Om det handlar om nettopp å ha lært å gå, klare å få rett kloss i rett hòl eller berre det å få rett respons på ei ytring, er det like fantastisk kvar gong. Med auge som strålande tinntallerken og ein glede som spreiar seg frå tåspissen til dei yttarste hårstråa kan eg ikkje seie noko anna at dette er meistringskjensle på høgt nivå.

Ein 1-2 åring har ikkje alltid ei heilt klar ramme for kva som er mitt og ditt. Det kan vere til stor frustrasjon for dei litt eldre barna på avdelinga når ein av dei yngste forsyner seg av bilen du køyrde med eller dubplotårn verket ditt. Men til tross for eit litt egosentrisk handlingsmønster har 1-2 åringen masse empati og omsorg for andre barn. Mang ein gong har eg observert gjensynsglede når barna ser kvarandre i barnehagen, eller at dei stabbar uoppfordra bort til den rette eigaren av ein kosebamse og rekkjer bamsen fram. I haust overvar eg ein 1,5 åring som sat å strauk ein 1 åring på kinnet. Når ho gjekk derifrå byrja 1 åringen og gråte. Då snur 1,5 åringen seg og gjer den andre ein kjempe klem. Er ikkje det både empati og omsorg så veit ikkje eg.

Det handlar om å sjå dei yngste i barnehagen sin potensiale. Når dei kjem til oss i barnehagen har dei allereie mykje kompetanse på mange områder, og det er vår oppgåve å finne ut kva dei kan, og byggje vidare på det. Men det krev vaksne som har tid, evne og ønskje om å forstå barna. Som nemnt tidlegare er læringskurva bratt dei første leveåra og noko av det viktigaste barna lærer i barnehagen er sosiale ferdigheiter. Hos barn skjer dette i stor grad gjennom leik og samvær med andre barn. Og sjølv om 1-2 åringen har mest parallell leik og dei tilsynelatande leikar med sitt, er dei gode observatørar og plukkar blant anna opp ulike signaler, leikekodar og veremåtar hjå kvarandre.

08.03.2018 kl 12:00   


Relaterte artikler

Går barnet mitt i en barnehage av høy kvalitet?  

Mellom 0 og 5 år er barnets hjerne som en svamp – den trekker til seg alt som høres og sees. Derfor er denne perioden i livet desidert viktigst for hjernens...

Hva bør foreldre se etter når de velger barnehage?  

Barnehagens rykte og beliggenhet er to av kriteriene som påvirker valg av barnehager. FUS ønsker at foreldre også stiller mer faglige krav til barnehagene.

Øvelse gjør mester  

I en barnehage skal det være rom for alle individer. Sammen øver vi hver dag på hvordan vi skal forholde oss til andre mennesker. Hvordan vi selv skal regule...

Å se barn som subjekt  

Synet på barn er i ferd med å endre seg. Takket være forskning, blant annet på tilknytningsteori endrer voksnes syn på barn seg. Barn har en langt større sta...

Tidlig innsats – la det bety noe!  

Debatten raser i barnehage Norge. Vi engasjerer oss i politiske innlegg, møter opp på politiske høringer, deler vår kunnskap med politikere, inviterer dem in...

Barnehagen bør være en mobilfri sone – også for foreldrene  

Flere helsesøstre, med Nina Misvær, helsesøster og førstelektor ved helsesøsterutdanningen ved OsloMet - storbyuniversitet i spissen, peker på at mobilbruk...

MOBBING I BARNEHAGEN  

For noen kan det være utenkelig at de søte små barnehagebarna også kan være mobbere, men sannheten er at undersøkelser gjort av NDLA viser et omfang på ti ti...